Hopp til innhold

Vik tapte 70 millionar kroner

Vik kommune må rekneskapsføre eit tap på om lag 70 millionar kroner i 2007 som følgje av Terra-skandalen.

Nils Gunnar Myrkaskog og Marta Finden Halset
Foto: Sindre Løkstad / NRK

Tapet fordeler seg med om lag kr 50 mill på plasseringane og kr 20 mill på lånesida. 

Kommunen understrekar at tapa som så langt er estimerte, ikkje blir dei endelege tapa.

Dei har framleis god tru på at tapet kan bli redusert gjennom dekking i buet etter konkursen i Terra Securities, og elles gjennom andre prosessar som er sett i gang for å freista å redusera tapet mest mogeleg.