Hopp til innhold

Vik Ørsta-tilsette kan misse jobben

Tilsette ved Vik Ørsta i Vik står i fare for å misse jobben etter at vegsikringsfabrikken misser løyve til å produsere den såkalla ABC-terminalen.

Vik Ørsta

I FARE: Arbeidsplassar kan stå i fare ved fabrikken i Vik.

Foto: Arve Uglum / NRK

Verksemda som produserer vegsikringsprodukt sette alt i desember 2010 i gang ein prosess som inneber at det på sikt vil kunne bli 20 færre arbeidsplassar ved fabrikken i Vik.

No misser fabrikken også løyve til å produsere den teleskopliknande innretning som blir montert på enden av det klassiske rekkverket, skriv Sogn Avis. Innretninga skal fange opp energi ved ein eventuell samanstøyt. Det amerikanske selskapet Trinity vil no produsere rekkverkinstallasjonen sjølv.

Plassjef for Vik Ørsta As i Vik, Lars Kjetil Grinde, seier til Sogn Avis at dette er uheldig. Tapet av produksjonen vil kunne føre til at arbeidsplassar går tapt, og Grinde seier det kan vere snakk om å kutte fire årsverk.

Samtidig er det klart at fabrikken har fått ei ekstrabestilling på 25.000 rekkverkskjener som dei skal levere til Sverige. Denne ordren kan vere med å vege opp for tapet av ABC-terminalen, seier Grinde til avisa.