NRK Meny

Vik kommune vil møte statsråden

Vik kommune, med ordførar Olav Turvoll i spissen, ynskjer å møte statsråd Ketil Solvik-Olsen. Det skriv kommunen på sine nettsider. Bakgrunnen er transportetatane si framlegging av nasjonal transportplan (NTP) tidlegare denne veka, der førespegla oppstartsmidlane til Vikafjellet ikkje var med. No vil kommunen drive politisk påverknadsarbeid for å sørgje for at pengane er på plass når endeleg NTP blir vedteken i 2017.

Olav Turvoll
Foto: Noralv Pedersen / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune