Hopp til innhold

Vik kan få helsehotell

Helse, idrett og friluftsliv kan bli berebjelkar for eit eventuelt nytt hotell i Vik.

Jorunn Åsfrid Røyrvik

PLANLEGG NYTT HOTELL: Prosjektleiar Jorunn Åsfrid Røyrvik har brukt dei siste månadene til å utvikla og kvalitetssikra eit nytt konsept for Hopstock hotell

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Eigaren av det brannskadde Hopstock Hotell har brukt dei siste månadene på å sjå om det er liv laga å byggja opp att hotellet.

I eit nytt hotellkonsept vil storslagen natur og gode treningsmoglegheiter for mellom anna toppidrett bli viktig.

Det italienske skiskyttarlandslaget har dei siste to vekene trent på høgfjellsnøen i Vik. Ein betre plass for opplading til OL er vanskeleg å finna, seier landslagstrenar Patrick Oberegger.

– For oss er det perfekt. Vi har aldri sett noko slikt som dette om våren.

(Artikkelen held fram under biletet).

Italienske skiskyttarlandslaget på Vikafjellet

PÅ VIKAFJELLET: Det italienske skiskyttarlandslaget har trena og testa ski på Vikafjellet dei siste to vekene. Landslagstrenar Patrick Oberegger til høgre.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Viktige berebjelkar

Nøgde toppidrettsutøvarar kan bli ei viktig brikke for å få bygd opp att det brannskadde Hopstock hotell i Vik. Den store pågangen av ski- og skiskyttarlag som legg vår- og haustsamlingar til Vik skisenter vil vera viktige overnattingsgjester for eit eventuelt nytt hotell i sognebygda.

Det seier prosjektleiar Jorunn Åsfrid Røyrvik, som har brukt dei siste månadene til å utvikla og kvalitetssikra eit nytt hotellkonsept.

– Eg trur denne typen gjester som Vik trekkjer til seg vil vere ein av fleire viktige berebjelkar. Dei kjem på grunn av Vik Skisenter, på grunn av snøen på Vikafjellet sommarstid, på grunn av omdømet vi har innan sport og helse og som vi driv med kvar dag.

(Artikkelen held fram under biletet).

Brann ved Hopstock hotell

ØYDELAGT AV BRANN: Hopstock Hotell vart herja av brann for vel tre år sidan.

Foto: Ingrid Elina Røyrvik

Brann stansa hotelldrifta

For tre år sidan fekk Hopstock Hotell omfattande skadar i ein brann. No arbeider den nye eigaren Per Steinar Melås og prosjektleiar Jorunn Åsfrid Røyvik med å finna ut om eit hotell i Vik er liv laga.

Og i løpet av sommaren skal dei bestemma seg for om dei går vidare med hotellplanane. Idretts-, helse- og friluftslivsturisme vil kunna fylla ut den tradisjonelle sommarturistsesongen i begge endar, meiner Røyrvik.

– Det vil vere viktig for skuldersesongane, også om vinteren, for det er ein del arrangement som kunne ha vore på Vik skisenter og der det trengst stor sengekapasitet. Det samarbeidet vil vere uendeleg viktig med tanke på å få ei god heilårsdrift på eit hotell.

(Artikkelen held fram under biletet).

Italiensk skiskyttar på Vikafjellet

GODE LØYPER: Ein italiensk skiskyttar i godt driv på Vikafjellet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ni kilometer i motbakke

Attende på Vikafjellet held dei salta løypene godt i varmen. Ein av dei ansvarlege for den velpreparerte traseen er Asbjørn Hønsi ved Vik skisenter. I tillegg til sommarsnø og standplass og rulleskibane på skisenteret, er det dei mange ulike treningsmoglegheitene innanfor liten radius som lokkar mange, seier Hønsi.

– Vi har eit veldig godt treningssenter nede på Øyri, med mange styrkeapparat, noko italienarane har likt veldig godt. Samstundes har vi ein natur som alle som driv med vinteraktivitetar set pris på, mellom anna det å gå ni kilometer i motbakke med cirka 800 meters høgdeskilnad.

– Du kan gå utover langs fjordane, det er veldig fint, og du kan gjere det i all slags vêr, vi har mange fjellturar, det er og veldig populært.

(Artikkelen held fram under biletet).

Asbjørn Hønsi

PREPARERER LØYPER: ? Asbjørn Hønsi diskuterer ski og gli med racingsjefen i Rossignol.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Saknar veldig eit hotell

Vik idrettslag er klare til å arrangera store idrettsarrangement, men då krevst eit hotell i bygda. I fjor måtte dei seia frå seg junior-NM i skiskyting på grunn av mangel på sengeplassar.

Og denne våren har pågangen av lag som vil tinga opphald ved Vik skisenter vore så stor at ikkje alle har fått plass, og det utan marknadsføring. Topp- og amatøridrett kan difor bli avgjerande for å få eit hotell på føtene, trur Asbjørn Hønsi ved Vik skisenter.

– Vi håpar vi kan vere ei viktig brikke for at Hopstock Hotell kan kome på plass. I idrettslaget saknar vi veldig eit hotell i bygda, også fordi eit hotell kan gjere at vi får store arrangement.

Har tinga plass neste år

Det italienske landslaget har allereie tinga seg plass til neste år. Landslagstrenar Patrick Oberegger kjem til å anbefala Vik for andre lag, sjølv om han helst ville ha hatt høgfjellssnøen for seg sjølv.

– Heilt sikkert, sjølv om det er fint at ikkje alt for mange veit om det, men eg kan berre tilrå det.