NRK Meny
Normal

Vik kan få 28 nye soningsplassar

Utvidinga av Vik fengsel vert truleg dobbelt så stor som planlagt. Om få år kan Vik fengsel romme rundt 40 innsette.

Vik Fengsel.
Foto: Steinar Lote / NRK

Fengselet skal i fjølge direktør Per Sigurd Våge i Kriminalomsorgen region vest, bli eit moderne fengsel.

Per Sigurd Våge ser lyst på framtida for Vik fengsel:

- For Vik sin del så går det jo berre ein veg, oppover. Det er ikkje lenger snakk om nedlegging slik det var på 80 og 90-talet. Me bygger vidare på ei varig framtid og vil ha ei moderne drift i Vik.

Dobbelt så stor utbygging

I statsbudsjettet før jul blei det løyvd pengar til utbygging av Vik fengsel. Dei pengane held til eit nybygg med 14 nye soningsplassar. Men no ser regiondirektør Per Sigurd Våge at det løner seg å bygge ut dobbelt så stort når ein først er i gang.

- Dersom ein nyttar byggeprosessen akkurat no, så vil ein få eit veldig billig tilbygg om me får bygge dobbelt så stort, seier direktøren.

Våge set sin lit til at regjeringa i revidert nasjonalbudsjett gjev grønt lys for dei store utvidingsplanane i Vik. I so fall betyr det 28 nye soningsplassar på lukka avdeling. I tillegg kjem alternative soningsformer.

- Det betyr opp mot 40 soningsplassar i Vik om få år, fortel Våge.

Arbeidsplassar til Vik

Næringssjef i Vik kommune Eivind Helleland kjenner til planane og er særs nøgd. Han trur dette vil gje nye og viktige arbeidsplassar til Vik:

- Om ein snakkar om senteret som eit resurssenter så vil det gje kompetansekrevjande arbeidsplassar som me har behov for å kunne tilby her i Vik. Me har alt for få arbeidsplassar i Vik som krev høgare utdanning. Det hadde vore fantastisk å tenke seg fem-ti nye kompetansekrevjande arbeidsplassar tilknytta fengselet.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå