NRK Meny
Normal

Vik kan få 26 millionar kroner

Ordføraren har stor tru på at dei vil vinne fram med søksmålet.

Marta Finden Halset
Foto: Sindre Løkstad / NRK

- Ja, det har eg tru på sjølvsagt, seier ordførar Martha Finden Halset.

Krev 1, 2 milliardar

Kommunane går til sak mot finansgiganten Citigroup, og krev 1,2 milliardar kroner.

Finden Halset meiner det er ein sum som er riktig i høve tapet kommunane er påført.

- Søksmålet syner at vi framleis meiner vi har rett når vi seier at vi vart lurte, seier ordføraren.

Vik og Bremanger har tilsaman tapt omlag 300 millionar kroner. Vik kommune er sett på hestekur etter at tapet av Terra-investeteringane vart kjendt. Kutt på kutt har måtte til for at kommunen skulle kome i økonomisk balanse.

Reknar ikkje med millionane

Men trass i at både Bremanger og Vik er med i søksmålet mot finansgiganten, treng ikkje vikjene å heise flagget med det første. For trass i at ordføraren meiner dei har ein reell sjanse til å vinne fram med søksmålet, har ikkje politikarane i kommunen rekna med millionane i budsjettet sitt.

- Nei, politikarane i Vik held seg til faktiske tal, og det vi har å rutte med. Det er klart det har vore vanskeleg å kutte slik vi har måtte gjort, men eg vil tru det er smerteleg å kutte anten om ein har brei eller smal livvidde, seier Finden Halset.

Gjekk gale

Dei åtte kommunane som investerte i Terra, måtte låne store summar.

Investeringane var belånt nesten åtte gonger det opphavelege innskotet.

Men det stoppa ikkje der. For i tillegg måtte fleire av kommunane låne pengane dei skulle investere med for å sikre at kommunane fekk gode inntekter i framtida.

Kommunane forplikta seg også til å putte meir pengar i spareprodukta om verdiane av dei falt til bestemte nivå.

Og det var det som skjedde. I løpet av hausten 2007 vart nemleg den amerikanske økonomien svært dårleg.

Og 29. november 2007 vart selskapet Terra Securities slått konkurs.






Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser