Hopp til innhold

Vik fengsel kan tape på tingrettfusjon

– Det er avgjerande for Vik fengsel at tingretten blir verande i Sogndal. Det seier fungerande ordførar i Vik, Roy Egil Stadheim (Ap).

Roy Egil Stadheim

KJEMPAR FOR TINGRETTEN I SOGN: Fungerande ordførar i Vik, Roy Egil Stadheim (Ap).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Stadheim kjempar for å utvide fengselet og då er nærleiken til tingrett viktig, seier han.

– Får vi no dobla talet på innsette i fengselet, så må vi ha nærleik til tingretten, og då må ikkje den vere lenge unna enn i Sogndal, seier Stadheim.

Justisdepartementet vil slå saman tingrettane i Fjordane og Sogn. Domstolsadministrasjonen la i fjor fram eit forslag om slik samanslåing , ikkje berre i Sogn og Fjordane, men i heile landet. Dette vart stogga av Justiskomiteen.

– No har vi i dag mange rettssaker som vi set i fengselet, men i nokre saker må vi av garde med dei innsette for å kome i retten. Desto lengre vekk retten er, til meir tungvint er det for oss, seier Stadheim.

Kritisk til sentralisering

I innstillinga seier Justisdepartementet at det framleis skal vere ei avdeling i Sogndal, men Stadheim fryktar dei langsiktige sentraliseringskreftene.

–Det har vi jo sett med alle reformene som har vore, og dei som går føre seg no. Der ser vi ein sentraliseringsiver som vi ikkje har sett tidlegare, og det må vi prøve å stogge. Vi må sjå viktigheita av ha ting nært oss, seier Stadheim.