Hopp til innhold

Vik får meir politi

To av seks nye politistillingar skal avlaste politiet i Vik.

Vik fengsel
Foto: Steinar Lote / NRK

Politiet i fylket bestemte måndag kvar dei seks nye sivile politistillingane skal opprettast. Det er gjennom krisepakka at Sogn og Fjordane får dei nye stillingane.

Men politimeister Johan Brekke veit enno ikkje kor tid nokon vert tilsett.

- Det har vi ikkje diskutert. Enten må vi lyse ut no med lang frist, eller så må vi vente til folk er tilbake frå ferie.

Stor arbeidsmengde

I januar kom regjeringa med ein krisepakke på 242 millionar kroner til politiet. I det låg seks nye sivile stillingar til Sogn og Fjordane. I går vart det bestemt kvar desse stillingane skal leggast.

To av stillingane skal nyttast til transport til og frå Vik fengsel. For arbeidsmengda for politiet i Vik er så stor at kontoret må halde stengt kvar einaste veke. Sidan 2006 har talet på innsette i Vik fengsel vorte tredobla.

I tillegg går to stillingar til eit nytt straffesakskontor og to til sivil rettspleie.

- Florø får tre av stillingane og Førde ei.

- Burde vore på plass før

Einar Vereide i politiets fellesforbund seier at stillingane burde vore på plass før

- Det er uheldig at ein ikkje får gevinsten ut med ein gong. Men eg er nøgd med at vi har blitt eining om korleis stillingane skal fordelast.