Hopp til innhold

Denne klubben er storeksportør av fotballtalent

Vesle Vik har dei siste par åra fora storklubbane i fylket med fotballspelarar. Seinast i førre veke skreiv 16 år gamle Joar Tryti under kontrakt med Sogndal.

Jarle Christensen

INSTRUKSAR: Trenar Jarle Christensen gir instruksar til dei unge tredjedivisjonsspelarane på Vik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Lag som Sogndal og Førde er heilt avhengige av dei lokale talentfabrikkane.

Eit ungt lag frå Vik med seks tenåringar i startoppstillinga er snart klar for ny sesong i tredjedivisjon. Trenar Jarle Christensen har mista fleire nøkkelspelarar, mellom anna storscoraren Øystein Myrkaskog til Førde.

Men ei talentfull midtbane med snittalder på 18 år kan bidra til at Vik på nytt overraskar og at talentspeidarane frå toppklubbar igjen fattar interesse.

Kjekt å bli del av storklubb

Ein nøgd sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Håvard Flo, kunne på Fosshaugane Campus i førre veke presentere tre nye spelarar.

Ein av nysigneringane var ein 16-åring frå Vik, Joar Tryti. Flo la ikkje skjul på at han venta seg mykje av ungguten i åra som kjem.

– Det var sjølvsagt stort, seier Joar Tryti om å høyra seg sjølv bli presentert som ny Sogndalspelar.

– Det er kjekt å bli ein del av ein så stor klubb, seier Tryti.

Vikspelarar

VIKTIGE BRIKKER: Nøkkelspelarar for Vik: Tarjei Vevle (f.v.), Jarle Christensen, Kristoffer Valsvik og Svein Erik Saglien.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Er til stor inspirasjon

Han skal spela for Vik ut sesongen og er den siste av fleire vikjer som er blitt henta til større klubbar den siste tida. For 16-åringen har det vore inspirerande å sjå sambygdingen Gustav Valsvik gå den same vegen til Sogndal som han sjølv tek fatt på no.

– Det har gitt meg større håp, og eg har sett at det er mogleg. Det har berre gitt meg meir motivasjon å ha hatt nokon å sjå opp til, seier Tryti.

Vik er slett ikkje det fyrste idrettslaget i Sogn og Fjordane som har fora toppklubbar med flinke unge spelarar. Både Stryn, Skavøypoll, Flora og andre har i periodar vore storeksportørar av talent. Trenar i Vik, Jarle Christensen, forklarar denne næringskjeda slik.

– Det viser at det blir gjort ein kjempegod jobb i små klubbar. Eg trur det heng i hop med at gode spelarar i små klubbar får prøve seg opp og blir tidleg herda mot større og sterkare spelarar. Det er slik det skal vere og då får klubbar som Sogndal veldig modne 16- og 17-åringar som kan ta nivået tidleg, seier Christensen.

God kontakt mellom klubbane

Sogndal byggjer eliteserielaget sitt rundt tydeleg Sogn og Fjordane-identitet. For å lukkast, er dei avhengige av å stå på godfot med omlandet sitt. Det merkar ein klubb som Vik.

– Eg er svært nøgd med kontakten eg har både med Sogndal og Førde. Det er dyktige folk som jobbar der, og dei siste åra har dei vorte meir medvitne på det som skjer rundt dei i mindre klubbar. Det verkar som ein tydeleg politikk frå begge klubbane at dei har god kontakt med andre klubbar, seier Christensen.

– Er det ikkje litt forsmedeleg å miste alle dei gode spelarane?

– Jau, i grunnen er det det. Men då må dei andre ta tak, så då er det dei neste på lista som må opp for å syne at dei er gode nok. Det er slik det har vore i Vik og slik vil det halde fram, seier Christensen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kristoffer Valsvik

NY VALSVIK: Kristoffer Valsvik, veslebror til sogndalspelar Gustav, kan bli den neste fotballtalentet frå Vik som går til ein større klubb.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Fleire årsakar til talentspiring

Jarle Christensen trur han veit kvifor Vik har fått fram mange talent i det siste.

– Det er fleire ting som spelar inn. Vi har trenarar på aldersbestemt som har gjort ein kjempejobb, det er foreldre som har støtta opp, det er spelarar som er veldig interesserte i fotball og har lagt ned ein kjempeinnsats, seier Christensen.

Han legg til at det kanskje viktigaste er at spelarar alltid får meir utfordringar dersom dei gjer det godt.

– Er spelarar gode på lilleputt så får dei prøve seg på smågutar, er dei gode der får dei prøve seg på gutter, og gutespelarar får prøve seg på seniornivå. Det trur eg er nøkkelen i Vik. Det har vore ein kultur for at dei beste får prøve seg opp eit hakk, seier Christensen.

Har fleire super-talent på lur

På sidelinja står ein av trenarane Christensen snakkar om. Kåre Egil Skjerven har følgt opp halvparten av spelarane ute på bana. Han merka fort ringverknadene av at Joar Tryti blei sogndalspelar.

Kåre Egil Skjerven

MEIR DER DET KJEM IFRÅ: Lilleputt- og smågutetrenar Kåre Egil Skjerven meiner det er fleire stortalent på gang i Vik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg trenar no lilleputt og smågutelag. Eg har allereie fått fleire kommentarar frå dei spelarane om at dei også skal til Sogndal når dei vert eldre. Så det er klart det har mykje å seie, seier Skjerven.

– No er det éin av dei her ute som allereie skal bli sogndalspelar, trur du fleire av dei her på bana kan bli det på sikt?

– Viss dei held seg skadefrie kan eg nesten garantere to spelarar til, anten til Sogndal eller ein annan toppklubb, seier Skjerven.

(Artikkelen held fram under biletet)

A-laget til Vik

A-LAGET: Bak frå venstre: Kristoffer Valsvik, Anders Helleland, Asgeir Refsdal, Atle Loopstra, Svein Erik Saglien, Viljar Andersen, Ørjan Tveit, Thomas Duphey, Kristian Bergstø og Jarle Christensen (trenar). Framme frå venstre: Tarjei Vevle, Håkon Jonar Skjerven, Kenneth Skjerven, Joar Tryti, Stig Roar Hovland, Idar Holen, Sivert Aase, Sindre Fosse, Jackson Bayubahe, Tord Hove.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Rosar småklubbane for talentbløminga

Førde-trenar Knut Erik Folland gler seg over å ha fått Øystein Myrkaskog i stallen, og legg ikkje skjul på at dei mindre klubbane er viktige for Førde.

– Øystein Myrkaskog har vi sett på i fleire år og forsøkt å hente hit over lengre tid. Han har glidd veldig fint inn, og han er ein spelar som kan ta steget til toppfotballen ved å spele i ein mindre klubb som Førde, seier Folland.

Knut Erik Folland

TRENGST: Førde-trenar Knut Erik Folland er glad for at dei kan rekruttere gode spelarar frå mindre klubbar.

Foto: Alf Vidar Snæland/NRK

Også leiar i Sogn og Fjordane fotballkrets, Robert Endestad, understrekar kor viktig næringskjeda er for fotballen.

– Det er avgjerande for norsk fotball at ein har små klubbar som produserer spelarar. Det er ikkje dei store klubbane som gjer det, seier Endestad.

Likevel er det ikkje alltid beint fram når unge spelarar vert flytta på.

– Det er alltid utfordringar, du flyttar unge spelarar frå heimstaden og dei byrjar ofte på ny skule. Men samtidig er det kjekt at det er ein toppklubb i fylket som kan fange dei opp dersom dei er gode nok, seier

Første kamp for Vik i tredjedivisjon er mot Radøy/Manger på bortebane på laurdag.