NRK Meny
Normal

Vik arrangerer NM i rulleskiskyting

Vik i Sogn skal arrangere NM i rulleskiskyting i byrjinga av september 2016. Det er venta at over 400 løparar vil delta.

Halvor Larsen og Johannes Bøthun (t.h.).

DUGNAD: Vikjane er vande med dugnad, og til NM i rulleskiskyting blir det behov for stor innsats frå frivillige. Dette biletet er frå KM i skiskyting tidlegare i vinter.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er kjempegledeleg og heilt fantastisk at vi har fått dette arrangementet. Det er stort for Vik og skiskyttargruppa, seier Bjørn Tore Årevik, leiar i Hordaland skiskyttarkrins og medlem i skiskyttargruppa i Vik Idrettslag.

Han seier at det blir ei stor oppgåve for Vik idrettslag.

– Det vil bli mange dugnadstimar i tida som kjem. Vi må mellom anna utvide standplassen frå 25 til 30 skiver. Vi treng 70 dugnadsfolk til konkurransane. Totalt treng vi truleg 150 dugnadsfolk under arrangementet.

Leiger inn hotellbåt

Årevik fortel at dei reknar med nærare 1500 tilreisande under arrangementet på skiskyttarstadion på Kålsete

– For å få plass til alle tilreisande, har vi planar om leige inn ein hotellbåt.

Også hotell i Myrkdalen i Voss kan vere aktuelt som overnattingsstad for tilreisande.

– Vi gler oss veldig til at heile noregseliten i skiskyting kjem til Vik. Dette blir bra, seier Årevik.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.