Hopp til innhold

Video frå Stad fekk million-sjåartal

Alf-Henning Drage sin video av Stadlandet er i ferd med å ta av på nettet, og vart nyleg sett av 4,8 millionar franskmenn på kveldsnyheitene.

Videoen er fjerna frå saka då lovverket ikkje tillet at NRK publiserer luftfoto frå fotografar som ikkje har lisens for droneflyging.

– Eg kjem opphavleg frå Stadlandet. Naturen der er jo heilt fantastisk! Eg har i mange år drøymt om å lage ein film om det, seier Drage.

Lenge var det berre ein draum, då helikopter var for dyrt. Men med droneteknologien såg han sin sjanse.

– Eg kjøpte ein tidlegare i år, og øvde litt på å fly. Då vi var på ferie til Stadlandet i sommar håpte eg berre på fint vêr!

Stadlandet

YTRE FURE: I strålande solskin og med ein drone på veg over.

Foto: Skjermdump video: Sommer på Stadlandet av Alf-Henning Drage

– Fekk hundre delingar raskt

Stadlandet er ofte både vindfullt og regnfylt. Men han fekk bønna si oppfylt.

– Vi fekk ein og ein halv dag med fint vêr. Då vart det springing frå fjelltopp til fjelltopp, for å prøve å få fine bilete. Eg har ei tolmodig kone som lét meg springe. Eg vart veldig nøgd med resultatet.

Stadlandet

4,8 MILLIONAR: Så mange franskmenn har sett dette stuntet, som er ein del av videoen.

Foto: Skjermdump video: Sommer på Stadlandet av Alf-Henning Drage

Etter eit par dagar med redigering, publiserte han videoen på både Facebook og Youtube. Per no har nærmare 35.000 tusen menneske sett videoen på Youtube.

– Det verkar på responsen som at andre og synest det vart eit bra resultat. Den fekk hundre delingar på Facebook veldig raskt.

4,8 millionar sjåarar

Men det var ikkje før fransk TV2 tok kontakt at han nådde dei store massane. 40 sekund av videoen på slutten av ei nyheitssending med 4,8 millionar sjåarar, ifølgje Drage.

– Det er veldig overraskande då dei tok kontakt. Eg synest Stad er fint, men trudde ikkje det skulle nå så langt. Det er ekstremt kult, eg hadde aldri trudd skulle bli så populært som det.

Stadlandet

VINTER: No håpar Drage å fly over same stad, med snø, i vinter.

Foto: Skjermdump video: Sommer på Stadlandet av Alf-Henning Drage

No har mannen som er webutviklaren til vanleg nye draumar.

– Det hadde vore stilig å lage ein slik video med alle dei finaste plassane i landet. Stad ville sjølvsagt fått plass. I tillegg har eg lyst å filme Stad når det er snø i vinter. Kanskje kan filmen heite «Sommar og vinter på Stadlandet». Håpar eg har flaks med vêret igjen!