Hopp til innhold

Vidaregåande skule slår eit slag for kulturarven

Då ei gamal lysekrone tok skade etter å ha falle i steingolvet i våpenhuset i Kinn kyrkje, skulle hjelpa vise seg å kome frå elevar og lærarar ved industriteknologi-lina i Florø.

Lysekrone tilhøyrande våpenhuset i Kinn kyrkje

PRAKTVERK: Lysekrona er ein av tre lysekroner tilhøyrande Kinn kyrkje, teikna og designa av arkitekt Carl Berner. Han var son av stortingsmannen Carl Berner. Arkitekt Berner er mellom anna mannen bak Hotel Bondeheimen i Oslo. Lysekrona vart smidd i 1911 av ein profesjonell kunstsmed som Berner kjende. Ho hekk 80 år i våpenhuset i Kinn før ho fall i steingolvet midt under Kinnaspelet.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

På Flora vidaregåande skule har lærarar teke initiativ til at elevane som går på Industriteknologi-lina, som er avslutningskurset ved studieprogrammet Teknikk og industriell produksjon, verkeleg får produsere ting som skal kome til nytte.

Elevar og lærarar ved industri- og teknologilina i Florø

DYKTIGE ELEVAR: Avgangselevar ved studieretninga for Teknikk og industriell produksjon på Flora vidaregåande skule. Det er dei som har teke fatt på arbeidet med lysekrona. Dei to lærarane som har teke initiativ til dette, f.v., er Magne Nordeide og Ørjan Refvik.

Foto: Snorre Sandemose / NRK
Elev dreiar fram eit pressverktøy

I KULTURENS TENESTE: Avgangselev Thea Sørstrand Engdal lagar eit pressverktøy ved hjelp av dreiebenken, som skal nyttast til å lage nye lyshaldarar.

Foto: Ørjan Refvik / Flora VGS

Før siste skuleåret er omme for årets 2.-klassingar, har dei teke fatt på arbeidet med å restaurere ei av dei tre lysekronene til Kinn kyrkje. Slik får dei også verte kjende med tradisjonsrikt utsmykkingsarbeid i utdanninga si.

Merethe Solheim Knapstad i Kinn sokn seier dei lenge har kjent til at det er dyktige folk på Flora vidaregåande skule, og at dei difor tok kontakt med lærarane på industriteknologi-lina for å få hjelp til å gje nytt liv til lysekrona.

Ørjan Refvik, faglærar, og lysekrona

ELDSJEL: Ørjan Refvik fekk førespurnad frå Kinn Sokn om Flora vidaregåande skule kunne tenkje seg å restaurere den verdfulle lysekrona. Elevane var positive, og då lét han seg ikkje be to gonger. I høgre hand held han ei nysmidd botnskål til ein lyshaldar, og i venstre hand eit pressverktøy som dei også har laga på skulen, som dei nyttar til å dreie fram lyshaldar-skålene.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

– Kyrkjesoknet får hjelp av studentar og elevar

Kinn med kyrkja sett frå Kinnaklova

HIT SKAL KRONA VENDE TILBAKE: Kinn kyrkje, steinkyrkje frå 1100-talet. Når ho vert ferdigrestaurert, skal krona få henge i våpenhuset til kyrkja igjen. Det var på loftsrommet til kyrkjestova, det raude huset nærast kyrkja, at krona låg i over 25 år og rusta etter at ho hadde ramla ned frå taket i våpenhuset. Taket til det gamle trehuset var eit torvtak som lak.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Også tidlegare har den vidaregåande skulen i Flora vore til hjelp for kyrkjesoknet.
Det raude huset på Kinn som ligg lengst vekk frå kyrkja, nærast sjøkanten, er bygd for om lag tjue år sidan av tømrarfag-elevane ved Flora vidaregåande skule.

Frå utsida ser toalettbygget ut som ei gamal stove frå 1800-talet, og passar slik fint inn stilmessig attmed kyrkjestova, det andre raudmåla huset.

Den vesle trebygningen som står endå lenger inne på kyrkjegarden, eit nybygd grindhus, kom også til takka vere ein utdanningsinstitusjon. Huset, bygd i ein meir enn 1000 år gamal vestnorsk byggjeteknikk, er reist av studentane ved arkitektur- og designhøgskulen i Oslo, under leiing av floraværing og amanuensis i arkitektur, Kolbjørn Nesje Nybø. Det vart ferdigstilt i fjor sumar, og hyser mellom anna musikarane under Kinnaspelet.

Faglærar Refvik syner fram ny og gamal kross

DEKORERT MED KROSSAR: På rett heng det krossar ned frå den runde kanten ikring heile lysekrona. Dei rustne krossane skal verte pussa opp på ny, og dei krossane som har kome bort, vert erstatta av nysmidde krossar som elevane produserer.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

Og i år er det industriteknologilina på Flora vidaregåande sin tur til å trå til, denne gongen med å restaurere ein kulturskatt.

– Varierte oppgåver for andreklassingane

Årets industriteknologi-elevar har fått mangslag lærerike oppgåver utanom det vanlege hjå lærarane sine. Til dømes har dei bygd ei trapp og eit rekkverk til den vidaregåande skulen sin. Og dei har sveisa ein grabb til ei gravemaskin og også to traktorskuffer, som dei har selt.

Grabben som dei har laga

HANDLAGA DYRKINGSGRABB: Eit av produkta som industriteknologi-lina har laga som har kome til nytte. Ein dyrkingsgrabb er ein grabb som lèt steinar sleppe gjennom, medan jorda kjem med.

Foto: Ørjan Refvik / Flora VGS

Dei har også sveisa i hop 160 meter med samanleggbare reklamestativ for Florø fotballklubb og to traller til å frakte reklameskilta att og fram på stadionet.

På desse oppdraga har elevane tent sopass at dei fekk finansiert klassetur til Lillehammer, der dei heia fram medelev Lasse Midtbø.

Han vann årets fylkesmeisterskap i yrkesfag innan dreie- og sveisekategorien. Og då det var tid for å ta del Noregsmeisterskapen i Lillehammer, der han tok sølv, vart heile klassen med på turen.