Knappe 300 millionar kroner til Høgskulen

Totalt får Høgskulen i Sogn og Fjordane 290 millionar kroner i statsbudsjettet 2012. Men ingen nye studieplassar.

Høgskule-rektor Åse Løkeland

MIDDELS NØGD: Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Åse Løkeland, er nøgd med husleigekompensasjonen, men skulle gjerne hatt nokre nye studieplassar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er ei viktig løyving både for framdrift og utvikling for ein institusjon som er viktig for fylket vårt, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete til nrk.no.

Pengane er knytte til vidareføring

Ho legg til at midlane som no kjem, først og fremst er knytte til vidareføring av dei studieplassane som høgskulen som vart tildelt i 2009 og 2011.

Regjeringa føreslår å løyve 3,1 millionar kroner for å vidareføre og trappe opp med nye kull dei studieplassane som vart tildelte i 2009 og 2011 ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

– Løyvinga gir ein auke på 37 studieplassar frå 2011 til 2012, seier Navarsete.

Kallar seg ikkje budsjettvinnar

Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Åse Løkeland, ser det ikkje på heilt same måten.

– Vi håpte på fleire studieplassar, men det har vi ikkje fått. Vi har fått ei vidareføring av dei 37 plassane vi har hatt tidlegare, seier Løkeland.

Dermed er det ikkje snakk om 37 heilt nye studieplassar frå 2012. Rektoren skulle også ønskje det hadde vore løyvt nokre midlar til stipendiatstillingar.

– Men vi har fått 7,3 millionar i husleigekompensasjon. Det er litt under det vi no får i auka utgifter som følgje av at vi skal flytte inn i det nye sentralbygget. Men det er helt akseptabelt i forhold til det vi kunne frykte, seier Løkeland.

Prioriterer mastergrad

Løyvingane i statsbudsjettet opnar for ei auka satsing på mastergrader.

– Vi har fått rammer som gjer at vi kan realisere mastergrad på idrett og på helse- og sosialtenester, samt landskapsplanlegging. Men ambisjonane våre knytte til forsking, får ikkje særleg spelerom, seier Løkeland.

Rektoren er klar til å kjempe for nye hyblar til sognebygda.

– Vi håpte på ei vidareføring av opptrapping av studenthyblar frå i fjor. Vi ser at i 2012-budsjettet ligg det inne 1000 nye hyblar på landsbasis. Vi må jobbe for å få mange av dei over til Sogn og Fjordane, seier Løkeland.

Regjeringa foreslår ein auke på 875.000 kroner for å vidareføre satsinga på å styrkje dei nye grunnskulelærarutdanningane.

Totalt er det ei løyving på 290 millionar til Høgskulen i Sogn og Fjordane.