Hopp til innhold

Vidare varetekt for rumenarar

To rumenske statsborgarar som er sikta for innbrot i minibankar er varetektsfengsla i fire nye veker. Dei vart tekne av politiet på Lom 23. februar etter å ha prøvd seg på ein minibank i Stryn. Dei er og mistenkte for fire andre tilfelle av minibankmanipulering, mellom anna på Skei i Jølster. For den eine av dei er siktinga utvida.