Vidar Ulriksen.
Dermed får Arbeidarpartiet likevel ein viktig posisjon i regjeringsapparatet. Ulriksen vart kontakta torsdag kveld, og han seier at han tok utfordringa på strak arm.
- Eg ser på det som ei utfordring. Det blir spennande å vere med på eit lag som skal prøve å få til ei fornuftig styring av fiskeressursane, seier han.
Ulriksen har hatt mange verv i lokalpolitikken, men dei siste åra har han kun jobba på sjøen. Han trur erfaringa frå fisket vil vere ein fordel når han no skal inn i ny jobb.