Hopp til innhold

Vi vart nesten 500 færre i fjor

Folketalet i Sogn og Fjordane gjekk ned siste året. Ved sist årsskifte var talet på personar med registrert adresse i fylket 109.774. Det er 456 færre personar enn for eitt år sidan.

Florø

FÆRRE INNBYGGJARAR: Over ein fjerdedel av folketalsnedgangen i Sogn og Fjordane i fjor kom i kyst- og oljebyen Florø.

Foto: Ottar Starheim / NRK

  • Sjå tabell for heile fylket og alle kommunane nedst i saka.

Kommunikasjonsrådgjevar Frode Henden i Nav Vestland trur Sogn og Fjordane har nådd toppen når det gjeld folketalet.

– Det er alltid vanskeleg å spå om framtida, men det er utviklingstrekk som tilseier at det ikkje er ein dårleg spådom.

– Vi manglar ein by

Han kallar tala Statistisk sentralbyrå (SSB) presenterte i dag «ikkje hyggjeleg lesnad». Men Henden er ikkje overraska. Vi har sett det ei stund: Sterk sentralisering, ei stadig eldre befolkning, unge som ikkje flyttar heim att etter avslutta utdanning, færre arbeidsinnvandrarar, samstundes som vi får færre born.

– Er det mogeleg å stoppe utviklinga?

– Det er eit godt spørsmål som eg ikkje har svaret på. Eg trur det vil vere vanskeleg å stoppe denne utviklinga. Det føregår ei sterk sentralisering i samfunnet, og det rammar Sogn og Fjordane spesielt hardt, også fordi vi manglar ein større by som skapar nye, spennande arbeidsplassar som elles gjerne ligg i Bergen eller Oslo. Det er ting som tyder på at vi vert ståande i ro eller framleis får nedgang i folketalet.

Førde sentrum

MOTOREN SLIT: Folketalet i Førde auka med berre tre personar i 2018.

Foto: Ole Kollstrøm Hellevang / nrk

Berre tre fylke med nedgang

Av alle landets fylke er det berre Sogn og Fjordane, Finnmark og Oppland som har nedgang i folketalet i 2018.

Det mest oppsiktsvekkande i folketalsstatistikken Statistisk sentralbyrå presenterte i dag er at dei to kommunane som tradisjonelt vert rekna som «motoren» i Sogn og Fjordane, Førde og Flora, slit med folketalet. I kystkommunen gjekk talet på innbyggjarar ned med 136 i 2018. Litt lenger inne i fjorden, i Førde, er dei berre blitt fattige tre personar fleire.

– Det er ikkje til veldig stor inspirasjon, for å seie det slik. Eg ser dette er ein trend over heile landet. Det er mindre innvandring og fødselstala går ned, og no ser vi at dei faktorane også slår ut i Sogn og Fjordane, seier Flora-ordførar Ola Teigen (Ap).

Full stopp i Sunnfjord

I tillegg peikar han på at konjunktursvingingar i oljenæringa langs kysten av Vestlandet også har ført til færre arbeidsplassar i Florø.

Heller ikkje kollega i Førde, ordførar Olve Grotle (H), jublar over dei historisk dårlege tala for fylkets største kommune.

– Det er ingen tvil om at Førde er ein del av ein nasjonal trend der folketalsveksten er veldig låg. For Førde sin del er fjoråret eit år som skil seg ut. Ein så låg vekst kan eg ikkje hugse at vi har hatt på fleire tiår, seier Grotle.

Sogndal

POPULÆR STAD: Sogndal kommune opplever nok eit år med sterk vekst i folketalet.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Full fres i Sogndal

Medan motoren harkar litt i Sunnfjord, er det full fres i regionsenteret i indre Sogn. Sogndal styrkar posisjonen sin i Sogn og Fjordane med framleis sterk vekst i folketalet. Kommunen kan notere seg for 132 fleire innbyggjarar siste året.

Det er ein entusiastisk og glad ordførar Jarle Aarvoll (Ap) som tek telefonen då NRK ringjer for å høyre korleis han ser på nok eit år med sterk folketalsvekst. Han forklarar auken med blant anna god tilgang på attraktive bu- og arbeidsplassar.

– Sogndal appellerer i dei grader til det gode liv i litt mindre forhold enn dei store byane. Eg registrerer at fleire vert verande eller flyttar til utan at dei har sterke band til området. Vi har ikkje berre fjell og natur, men og urbane kvalitetar som appellerer til mange, seier Aarvoll.

Gir utfordringar

Aarvoll vedgår at veksten også byr på utfordringar som mellom anna behov for fleire barnehageplassar og bustader.

– Men i eit lokalsamfunn skal vi berre ønskje denne typen utfordringar velkomne.

Av dei andre kommunane i fylket er det berre Solund, Balestrand, Gaular og Jølster kan notere seg for auke i folketalet, om enn i litt mindre skala enn Sogndal.

I dei fleste kommunane går altså folketalet nedover. Størst er nedgangen i Fjaler med 2,7 prosent, tett følgt av Hornindal med to prosent nedgang.

– Alvorleg i Nordfjord

I Nordfjord sit ein bekymra ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V). Han oppsummerer ein samla folketalsnedgang på 180 personar i Nordfjord-regionen slik:

– Utviklinga vi ser for Nordfjord samla er alvorleg, og krev eit langt tettare samarbeid om rekruttering, tilrettelegging for tilflytting og bygging av sterkare næringsklynger og kunnskapsmiljø. Ingen einskild-kommunar kan greie denne jobben åleine – det er ein illusjon, skriv Bjørlo blant anna i ein e-post til fleire redaksjonar.

Folketalet i Sogn og Fjordane

Kommune

Befolkning

01.01.18

Nettoinn-

flytting

Folkevekst

Befolkning

31.12.18

Heile fylket

110.230

-428

-456

109.774

Flora

11.988

-139

-136

11.852

Gulen

2345

-21

-23

2322

Solund

807

19

13

820

Hyllestad

1378

-6

-12

1366

Høyanger

4154

-58

-63

4091

Vik

2674

11

-2

2672

Balestrand

1262

15

17

1279

Leikanger

2345

-18

-14

2331

Sogndal

8059

95

132

8191

Aurland

1778

-5

-14

1764

Lærdal

2153

8

-2

2151

Årdal

5277

-19

-32

5245

Luster

5223

-23

-28

5195

Askvoll

3052

11

-14

3038

Fjaler

2846

-54

-76

2770

Gaular

3006

13

21

3027

Jølster

3043

-6

4

3047

Førde

13.089

-91

3

13.092

Naustdal

2825

-25

-32

2793

Bremanger

3767

-47

-62

3705

Vågsøy

6001

-15

-31

5970

Selje

2757

1

-10

2747

Eid

6157

-16

-6

6151

Hornindal

1175

-23

1152

Gloppen

5874

-25

-38

5836

Stryn

7195

-30

-51

7144

Ekspander/minimer faktaboks