Scorar høgt på tillit

Men politiet i Sogn og Fjordane vil bli endå betre.

Politimeister Johan Brekke

GODT NØGD: Politimeister Johan Brekke gler seg over den høge tilliten innbyggarane har til politiet.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– For meg som politimeister er dette eit teikn på at vi i Sogn og Fjordane politidistrikt har svært mange gode og dugande tilsette, skriv politimeister Johan Brekke i ei pressemelding.

Tilliten til politiet i fylket har auka frå 84 prosent i 2008 til 89 prosent i 2010. Innbyggjarundersøkinga 2010 er særs gledeleg statistikk for politimeisteren.

Vil jakte endå betre tal

Brekke meiner mellom anna at innføring av meir aktiv polititeneste til fleire tider på døgnet har gjort politiet meir tilgjengelege for publikum.

Politimeisteren seier politiet vil bruke undersøkinga til å verte stadig betre på fleire felt.

– Vi skal sjølvsagt gle oss over gode tilbakemeldingar, men vi må ikkje bli sjølvtilfredse, melder han.

(artikkelen held fram under biletet)

Kriminalstatistikk 2008

TIL STADES: Politimeister Brekke understrekar at politiet er meir tilgjengelege enn før. Her frå presentasjonen av kriminalstatistikk i 2008.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

I landstoppen på tryggleik

Enkelte av tilbakemeldingane ligg heilt i landstoppen samanlikna med andre politidistrikt. Brekke konkluderer med at fylket er eit trygt distrikt å bu og vekse opp i.

– For oss er det viktig at folk skal føle seg trygge i Sogn og Fjordane. Når undersøkinga syner at heile 93 % oppfattar at politiet skapar tryggleik er dette svært gledeleg, skriv Brekke.