Med utstikter til strålande vêr og gode temperaturar, blir heile morgonsendinga frå 0603-09 i dag, torsdag, flytta til Askrova heilt i havgapet vest i Sogn og Fjordane.
– Vi skal ha studio på terrassen på Tansøy Havhytter. Her skal vi også ta imot bygdefolk og båtfolk, seier Stian Sjursen Takle som har pakka båten og kaptein ombord på sin eigen båt. Støfring Skovro er (lett)matros.
Askrova har hatt stor folketalsvekst og tilflytting den siste tida, og kan glede seg over å ha 16 barn på øya til hausten.
Askrova ligg i havgapet vest i Sogn og Fjordane, og karakteriserer seg som «Den grøne smaragd». På øya er innbyggjarane flinke til å få ting til å skje, og dugnasviljen står sterkt, fortel leiar i grendalaget Terje Svardahl.
– I morgonsendinga møter vi mange av dei som står på for øya, både store og små. Så gler vi oss til å møte øyas største kjendis, nemleg sauen Odlaug. Ho er meir glad i folk enn sau, og må seiast å vere ein hund i fåreklede så god som ho er på "gje labb" og meir utfordrande agility, seier Tone Lin Støfring Skovro.
HØYR MORGONSENDINGA HER: