NRK Meny
Normal

Vi importerer ost som aldri før – men blir snytt for delikatessene

NORDFJORDEID (NRK): Aldri har vi importert så mykje ost. Men norske forbrukarar må leite etter spesialitetane. – Kjedene gir oss ikkje delikatessene, seier oste-elskar.

Lene Ueland

MÅ LEITE: Lene Ueland er oppteken av kor maten kjem frå, men om ein ikkje les nøye på innpakninga kan det vere vanskeleg.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg vil gjerne ha småskalaprodukt i butikkane, seier Lene Ueland.

Ho er blant mange forbrukarar som etterlyser fleire spesialvarer. I dag er det tungvint.

– Generelt er utvalet dårleg i dei store kjedene, ein må ofte til mindre spesialbutikkar.

Osteimporten veks og veks

Importen av ost er rekordstor, i fylgje Landbruksdirektoratet.

Jan Peter Aursnes

Jan Peter Aursnes er føredragshaldar, leksikonforfattar og står bak bloggen Osteperler.

Foto: Privat

Men Jan Peter Aursnes, som er føredragshaldar og driv bloggen Osteperler, seier kjedene sitt utval likevel blir trist.

Tal frå Landbruksdirektoratet syner at store deler av importen går til fersk ost, riven ost og smelteost.

– Problemet er at det meste går til industriost, slikt som er ganske kjedeleg, seier Aursnes.

– Det er til dømes svært lite av fetaosten som kjem frå Hellas, for å seie det slik.

Importen aukar kraftig

Fleire spådde at utanlandsk ost ville stoppe på grensa med ostetollen innført i 2013. Men i 2017 var importen 12 344 tonn. 1000 tonn meir enn året før. Til neste år aukar importkvotane med ytterlegare 1200 tonn.

Bondelagsleiar Lars Petter Bartnes er misnøgd.

– Det er synd at det skjer. Vi må produsere mindre når kjedene importerer.

– Kjedene er litt feige

Aursnes seier det er bra med mangfald, men meiner kjedene ikkje utnyttar moglegheita.

Norsk og utanlandsk ost

IMPORT: Norsk og utanlandsk kvitost ligg side om side hjå Coop.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Dei er litt feige, dei landar stort sett på trygge industriostar. Det er så vanvitig mykje god ost som vi burde fått tilgang til.

Hjå Coop sel dei nederlandsk goudaost til same kilopris som norsk Norvegia:

– Om det hadde vore ein ordentleg handverks-Gouda er det fantastisk, men ein kjedeleg industriprodusert Gouda er ikkje mykje å trakte etter. Mykje kunne vi godt ha laga i Norge

– Vi importerer slik at det blir mangfald

Kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop Norge seier dei lyttar til folket:

– Vi ser på salet vårt at kundane fyrst og fremst vil ha norske produkt, og vi satsar mykje på lokalmat. Men folk vil også ha utanlandske ostar, derfor importer vi noko ost. Slik blir det mangfald.

Kristiansen seier det er kundane sitt handlemønster som avgjer kva dei tilbyr i butikkane:

– Om Aursnes vil ha ein vellagra Gouda med skorpe så har vi også det.

– Dette er bra for forbrukarane

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) seier importen aukar også fordi norsk mjølk er vesentleg dyrare enn i utlandet:

– Eg trur importen er gjennomgåande bra for forbrukarane. Vi får eit større mangfald i butikkane.

Vil ha norsk mat

For Lene Ueland er det uansett norsk som gjeld:

– Eg er veldig oppteken av miljøet og kortreist mat. Så sant vi klarar det synest eg vi skal halde oss til norske leverandørar.