Vi handlar stadig meir på nett – det gjer førjulstida travel i postbransjen

SKEI (NRK): Kanskje kan nokre av oss ta juleferie med betre samvit enn andre. Det blir sendt 20 prosent meir pakkar enn i fjor, noko som gir ei travel førjulstid for tilsette i postbransjen.

PostNord-terminalen på Skei

FLEIRE PAKKAR: Vi handlar stadig meir på nett. Det merkast på PostNord-terminalen på Skei.

Foto: Artur do Carmo / NRK

På PostNord-terminalen på Skei blir pakkar frakta over på pallar og truckar i raskt tempo. Her må alle trå til i førjulstida for å få unna all julesendingane. Og det er særleg pakkar det går i. Det blir i år sendt 20 prosent meir pakkar enn i fjor.

– Det har vore hektisk, særleg etter Black Friday. Vi har sett inn alt ekstramannskap for å halde unna. Folk handlar stadig meir på nett, seier distriktssjef Kenneth Mulen ved PostNord-terminalen.

Fire veker før jul begynner trykket å auke ved terminalen.

Kenneth Mulen, distriktssjef i PostNord

TRAVLE VEKER: Fire veker før jul begynner trøkket, fortel distriktssjef i PostNord Kenneth Mulen.

Foto: Artur do Carmo / NRK

– Det er mykje Ellos, Zalando og den type gods, fortel han.

Doblar talet tilsette

Også dei som leverer ut pakkar i Post i Butikk merkar dette, fortel butikksjef Ørjan Alme ved Coop Extra i Førde.

– Vi har dobbelt opp med folk for å kunne levere heile tida i opningstida, seier han, som ikkje har noko imot postarbeidet.

– Det er flott, då får vi folk innom huset, og kanskje går dei innom butikkern og kjøper noko òg, seier Alme.

Posten Noreg kan melde om ei førjulstid der arbeidet har gått etter planen. Men oppmodinga til kundane klar: Hent pakkane dine.

– Vi har fått ut pakkane i tide, og utan særleg driftsutfordringar. Brevmengda går ned, men pakke-talet aukar – særleg etter Black Friday. Utfordringa i vekene etter Black Friday er at det blir veldig fullt i Post i Butikk, seier pressesjef John Eckhoff i Posten Noreg.

Han seier det er ein ny trend at folk handlar på nett fleire stader, ventar til alt er kome.

Kraftig vekst

Denne trenden blir stadfesta av kommunikasjonsdirektør i PostNord, Ole Hagen. Dei har hatt rekordtrafikk denne førjulstida.

– Det har vore relativ kraftig vekst i juletrafikken. Det er målt opp imot 20 prosent auke sett opp imot, som var eit rekordår.

Også for PostNord gjer handelsfenomen som Black Friday, Black Week og Cyber Monday til at pakkeflaumen veks.

– Eg trur forbrukarane oppfattar at det er lettare å drive netthandel no enn før. Det er lett tilgjengeleg, ein kan handle heile døgnet, heile veka. Folk kan samanlikne prisar og sjå kva andre synest om det same produktet, seier han.

Det merkast for dei tilsette hos PostNord på Skei, der ferien truleg blir kjærkomen etter ei hektisk førjulstid.

– Folk blir slitne, det er i alle fall mitt inntrykk. Særleg på terminalen, som gjer den tyngste jobben, og for sjåførane som òg får meir å gjere, seier Kenneth Mulen.