Hopp til innhold

Vi handlar mindre klede i drittvêret - men cafédrifta går så det susar

Salet av sommarklede i fylket går så som så. Men i staden et og drikk vi meir. Og kosar oss på kafé i drittvêret.

Amfi Sogningen og Handelshuset

GÅR GODT: Både ved Amfi Sogningen og Handelshuset i Førde går handelen godt. Men det er ikkje salet av sommarklede som toppar salslista.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Klede og sko har det tøffare i år enn i fjor, spesielt i mai. Men vi aukar likevel, samanlikna med i fjor, seier senterleiar Wilhelm Tangerud ved Amfi Sogningen.

Han har 57 leigetakarar under taket og er godt oppdatert på korleis dei kjenner den heller labre sommartemperaturen på kroppen.

– Vi har i grunnen hatt ein eventyrleg auke i heile år. Totalt 10 prosent, og ser ein på første kvartal er talet 15,7 prosent. I januar, februar og mars hadde vi ein stor auke på klede og sko. Men det er klart sommarvêret spelar inn, og for einskilde bransjar merkast det godt i mai, seier Tangerud.

Et og kosar seg i kulden

For medan sommaren i fjor slo til allereie i mars og strekte seg godt ut på hausten, er det langt mellom kundane som står i kø for shorts og bikini i år.

– Nei, akkurat dét varesegmentet går det nok mindre av. Men daglegvare og cafear går betre når det er kaldare. Cafeane hjå oss melder om mellom 30 og 40 prosent auke i år. Og det ser eg med sjølvsyn også. Folk sit og kosar seg med mat i langt større grad når det er kaldt i vêret, seier Tangerud.

Wilhelm Tangerud

NØGD: - Vi har hatt ein eventyrleg auke i år, seier senterleiar ved Amfi Sogningen, Wilhelm Tangerud.

Foto: Oscar Andersen

Senterleiar ved Handelshuset i Førde, Mariann Njøsen, stadfestar langt på veg det Tangerud kjenner på i Sogn.

– Vi har i grunnen gode tal. Så langt i år ligg vi åtte prosent over, seier Njøsen, på vegner av sine 50 leigetakarar.

Folk trekkjer innomhus

– Bransjen har vore litt ned dei siste åra, men frå januar og til no så ser vi at det berre stig. Det er lenge sidan vi har hatt eit så bra år som i år. Folk trekkjer innomhus, det er det ikkje tvil om, seier Njøsen.

Også i Sunnfjord er det salet av klede og sko som kjem dårlegast ut i mai månad, men dei går likevel i pluss.

Mariann Njøsen

GÅR BRA: - Det er lenge sidan vi har hatt eit så bra år som til no i år, seier senterleiar ved Handelshuset i Førde, Mariann Njøsen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Og dei andre bransjane ligg høgare. Eg har ikkje registrert same boomen på kafé som i Sogn, men dei går greitt. Men det er ikkje tvil om at det kunne gjort seg med litt finvêr snart, seier Njøsen.

Victoria Juvik Øvstetun er senterleiar både for Stryn Torg og Måløy Brygge. Dei har førebels ikkje merka stort av at sommarvarmen let vente på seg.

– Nei, det kan eg ikkej seie. Vi ligg stabilt og har ein jamn vekst samanlikna med i fjor. Men held vêret fram, så vil vi nok merke det, seier Øvstetun.