NRK gir deg alle detaljar, reaksjonar og analysar frå valnatta i Sogn og Fjordane

FØRDE (NRK): Det ligg an til å bli ein thriller om kven som får dei to siste stortingsplassane frå Sogn og Fjordane. I kveld kan du følgje utviklinga minutt for minutt i vår valdekning på radio, nett, TV og sosiale medium.

Programleiar Erlend Blaalid Oldeide

DIREKTE: Følg alt som skjer på valkvelden og natta direkte på radio og i nett-TV.

Val

– Eg kjenner eg er spent. Både på valresultatet og det vi skal levere ut til folk i Sogn og Fjordane og resten av landet i kveld, seier redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane, Gro Ravnestad.

Kven gret av glede og kven gret av skuffelse i kveld? Det er noko av det du kan få svar på om du følgjer valsendinga vår utover kvelden og natta.

NRK Sogn og Fjordane sender direkte på radio og i nett-TV frå klokka 20.30, og gir deg alt av resultat og reaksjonar frå valkvelden på nettsida vår NRK.no/sf. Du får også reaksjonar og glimt frå valnatta på sosiale medium.

– Det blir målingar og resultat frå heile Sogn og Fjordane, seier Ravnestad.

Direkte med politikarar og ekspertar

Alle toppkandidatane frå dei politiske partia i Sogn og Fjordane er i kveld samla på Larris Scene på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde – og der er vi også.

Gjennom heile kvelden skal NRK Sogn og Fjordane følgje utviklinga, fram til vi får svaret på kven som blir dei fire stortingspolitikarane som får representere Sogn og Fjordane på Stortinget i neste periode.

Programleiarane Erlend Blaalid Oldeide og Silje Guddal losar deg gjennom sendinga. Vi presenterer valresultata frå dei 26 kommunane i fylket etter kvart som dei blir klare. Dei første reaksjonane frå politikarane får du direkte hos oss, både glede og skuffelse.

– Med oss i studio har vi også både ekspertkommentator og vårt eige valpanel som skal gje lyttarar, sjåarar og lesarar analysar og kommentarar, seier Ravnestad.

Du kan følgje oss på Facebook, Twitter, Instagram og Snapchat. Søk oss opp med nrksf.