Vi har sendt fire konsertar i Høyangerhallen direkte. Du får også oppleve festivalen i tekst og bilete.
Les også:
Sjå alle bileta
Fekk pris
Lærdal kommune fekk Turboprisen 2018 under UKM i Høyanger i helga. Det er UKM Noreg som deler ut prisen og Lærdal kommune får han for deira langsiktige arbeid med UKM. Lærdal er den kommunen i Sogn og Fjordane som har hatt høgast deltaking i høve talet på ungdommar mellom 10 og 20 år.
Ketil Torbjørnsen tok imot prisen på vegner av dei Lærdal kommune. Han takka alle dei fantastiske ungdommane i Lærdal, og la til at langsiktig arbeid med UKM er avgjerande for eit godt resultat.
Dette har vi sendt direkte i helga:
Fredag 13. april
Laurdag 14. april
Søndag 15. april
Desse går vidare til nasjonal festival
Eit fagpanel har plukka ut 30 ungdommar som får tilbod om å representere Sogn og Fjordane på den nasjonal UKM-festivalen i Trondheim i juni.
Innslaga og utstillingsarbeida som går vidare skal representere breidda av ung kultur i fylket. Også unge konferansierar, unge arrangørar og deltakarar i UKM Media kan gå vidare.
Sceneinnslag;
- Sara Rose Zadig (17 år) frå Gaular med låten «People help the people»
- Jacob´s dream frå Luster med låten «Oblivescence». Eirik Andreas Albretsen (19 år), Gjest Kvåle (19 år), Gunn Marit Kvåle (17 år), Harald Ahlin Søvde (16 år), Jakob Årøy (16 år), Ole Kristian Flåten (19 år)
- Sara Sandvik Arnestad (17 år) frå Eid med dans etter låten «In this Shirt»
- Tetanuz frå Årdal med ein sjølvskriven låt. Markus Hagen (15 år), Ola Akre (17 år), Tobias Hagen (17 år), Viktor Vee (17 år)
- Sajen Shrestha (19 år) frå Fjaler med låta «Comfortably Numb»
Kunst:
- Biletserien «Bille I», og «Bille II», Amalie Rosalinda K. Ytre-Hauge (15 år) frå Bremanger
- «Brølende kvinne», Sonja Holmøy-Wang (18 år) frå Hornindal
- «Last minute», Anders Flore (19 år) frå Stryn
- «Barn», Ingrid Bolstad (18 år) frå Førde
Festivalen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og OnCue Music Productions AS. Dei får hjelp av UKM Media med ungdommar frå kommunane og Medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule.