NRK Meny
Normal

Vi følgjer UKM heile helga

I helga er det klart for UKM-festivalen i Sogn og Fjordane. 250 ungdomar frå heile fylket skal delta i løpet av to hektiske dagar. Du kan følgje alle konsertane direkte i nett-TV.

UKM Sogn og Fjordane i Førdehuset.

KONSERT 4: Den startar klokka 17. På biletet ser du Håvard og Mariann Endal Husevåg frå Gloppen. Det er elevar frå 1MKA ved Hafstad vidaregåande skule som har teke stillsbileta.

Det blir fire konsertar og kunstutstilling i Førdehuset, men også konsert på Skywalken i Førde sentrum.

Vi sender konsertane frå Førdehuset direkte i nett-TV. Det er medielinja ved Sogndal vidaregåande skule som sørgjer for bileta. Du kan også sjå konsertane i opptak etter kvart.

I løpet av helga blir alle innslaga klippa ut, slik at du kan dele din opptreden med familien og venner.

Følg oss gjennom helga!

NRK er til stades på UKM-festivalen og legg fortløpande ut nettsaker, biletgalleri og videoar på nettsida vår. Du får mange gode historier med unge talent denne helga.

Du kan også følgje oss på Facebook, Instagram og Snapchat – nrksf.

Aleksander Åsnes, May-Helen Rolfsnes og Martha Våge

FØLGJER UKM-FESTIVALEN: På biletet ser du tre praktikantar frå NRK Nynorsk Mediesenter - Aleksander Åsnes, May-Helen Rolfsnes og Martha Våge. Dei skal lage radioreportasje, skrive nettsaker, ta bilete og dele god stemning på sosiale medium. Så ikkje ver redd for å ta kontakt med desse tre i Førdehuset i helga.

Medielina ved Sogndal VGS filmar UKM

Slik er programmet i helga:

Laurdag 2. april

12:00 Kunstutstillinga opnar i Førdehuset

13:00 Konsert på Skywalken

16:00 Konsert 1

19:00 Konsert 2

Søndag 3. april

14:00 Konsert 3

17:00 Konsert 4

Dei som går vidare

Måndag morgon får du vite kven som går vidare til landsmønstringa. Høyr på radiosendinga vår eller følg med på nettsida vår – nrk.no/sf.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.