Hopp til innhold

Sogn og Fjordane er fylket med flest arrangement på Kom deg ut-dagen

Søndag 1. september skal Den Norske Turistforening ha «Kom deg ut»-arrangement 148 stader i landet. Sogn og Fjordane er fylket med klart flest arrangement - 20 i talet. Send inn dine bilete frå denne dagen!

Åsen i Øvre Årdal

TALLAUSE TURMÅL: Dette er eitt av mange overkomelege turmål i Sogn og Fjordane, den gamle stølen Åsen i Årdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sidan 2006 har DNT hatt denne «Kom eg ut»-dagen. Målet er å få flest mogeleg til å få smaken på friluftsliv. Det varierer stort - frå kanopadling, grilling og klatring til toppturar.

Eitt av arrangementa her i fylket er kajakkpadling i Solund. Og aldri før har det vore så mange arrangement på denne aktivitetsdagen, som blir arrangert to gonger i året, i februar og september.

Astrid Kalstveit i Sogn og Fjordane Turlag seier at dei har eit svært variert og mangfaldig tilbod den 1. september.

– Det blir nok meir folk på arrangementa i dei store byane, vi satsar på stor breidde og mangfald.

Send inn turfoto

Vi du dele dine inntrykk frå turen din med andre, så send oss bilete på sf@nrk.no.

Det gjeld både om du er med på «Kom deg ut»-arrangement eller om du går heilt for deg sjølv.

Vi lagar eit biletgalleri basert på dei innsende bileta.

Her er alle arrangementa

Her er eit oversyn over dei 20 arrangementa i Sogn og Fjordane:

  • Vågsøy: Med Barnas Turlag til Krokpollen
  • Eid: Barnas Turlag til Utigardssetra
  • Stryn: Indre Nordfjord Turlag til Sagedammen, Ulvedal
  • Gloppen: Aktivitetsdag på Gloppen Camping og Fritidssenter
  • Jølster: Gapahuk ved vatnet i Årdalsdalen
  • Florø: Aktivitetar på Kystmuseet
  • Naustdal: Tur med Indre Sunnfjord Turlag
  • Førde: Kom deg opp Hafstadkleiva
  • Askvoll: Kom deg ut-dag Bakke/Boge /Rivedal og Værlandet
  • Hyllestad: Aktivitetsdag på Birkeland Camping
  • Solund: Kajakksamling ved Råkeneset
  • Solund: Kystarvstien Solneset-Tungodden
  • Gulen: Tur til Brosviksåta og Brosvikvatnet
  • Vik: Aktivitetar på Målsete
  • Lærdal: Sykkeltur og til fots i Bleia naturreservat
  • Sogndal: Kleiv-Spe-Navarsete-Grøssete (familiedag)
  • Luster: Blåistur på Nigardsbreen
  • Årdal: Tur til Avdalen
Barn ute i naturen

AKTIVE UNGAR: Eitt av måla er å gje barn ei positiv oppleving i naturen.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / DNT

Får barne og ungdomsarbeidar

Ida Amelie Helgesen

MISUNNER OSS NATUREN: Kommunikasjonsrådgjevar Ida Amelie Helgesen i DNT.

Foto: privat

– Og sjølvsagt er det viktig at dei aller yngste får augene opp for kva naturen kan tilby, seier kommunikasjonsrådgjevar Ida Amelie Helgesen i DNT.

Ho fortel at Sogn og Fjordane turlag no får ei barne- og ungdomsstilling i minst tre år framover for nettopp å gje barn tidlege og positive opplevingar av det å vere ute i naturen.

Ida Amelie Helgesen var i sommar i Sogn og Fjordane og gjekk fjellturar, og ho fortel at ho misunner oss den nærleiken vi har til tallause spennande turmål. Nordmarka er ikkje heilt det same, seier ho.

Tek til i DNT på «Kom deg ut»-dagen

Den 1. september har også Nils Øveraas sin første arbeidsdag som generalsekretær i DNT, same dagen som 35.000 nordmenn er med på «Kom deg ut»-arrangement.

– Eg kunne ikkje drøyme om ein betre første arbeidsdag. Friluftsliv og friviljug innsats er noko av det flottaste vi har i Norge. Den viktigaste oppgåva til DNT er å få fleste mogeleg ut på tur, og det daglege friluftslivet er like viktig som ferien.

Han håpar mange let seg inspirere til å utforske nærområdet sitt.

– Det finst ofte flotte naturperler i eigen kommune som mange ikkje veit om.

Nils Øveraas

- UTFORSK NÆROMRÅDET: Generalsekretær Nils Øveraas i DNT.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / Den Norske Turistforening