NRK Meny

Vi eksporterer stadig meir sjømat

Norge eksporterte sjømat for 6,8 milliardar kroner i februar. Det er ein auke på 1,5 milliardar kroner samanlikna med februar i fjor. Ifølgje Norges sjømatråd er det kraftig vekst for nesten all kvitfisk, og pelagisk sektor hadde sin beste februarmånad på fleire år. Høgare etterspurnad, høg pris og ein god valutasituasjon har ein stor del av æra for at fleire rekordar vart slegne i februar, seier kommunikasjonsdirektør Geir Håvard Hanssen i Norges sjømatråd.

Vegopning på Bergum i Førde kommune