Av:
Kjellrun Lavik
I fjor drakk kvar innbyggjar i snitt 116 liter med mjølk, noko som er langt over landsgjennomsnittet. Berre folk i Troms kjøpte meir mjølk enn folk her i fylket.
Etter 25 år med nedgang i mjølkedrikking har trenden snudd, og det er igjen oppgang i totalforbruket. Det er særleg sal av smakstilsett mjølk som aukar.