Stadig fleire av oss brukar belte i bussen

Busspassasjerane i Sogn og Fjordane blir stadig flinkare til å bruke bilbelte. Droppar du beltet framover må du bu deg på dyrare bussturar. Frå hausten tek Vegvesenet nemleg fram bøteblokka.

Bilbelte i buss

ENKELT TILGJENGELEG: I ti år har det vore påbod om å bruke belte i bussar som har det. Dei fleste moderne bussar blir no leverte med trepunktsbelte, som her blir demonstrert på ein buss i Førde.

Foto: Anna Gytri / NRK
Anna Gytri
Journalist

– Vi prøver å få fram at det er like farleg å sitte usikra i buss som i bil. Vi ser at bodskapen vår når fram, seier Reidun Tryggestad.

Ho er inspektør ved avdeling for trafikant og køyretøy i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane. Saman med kollegaene landet rundt har Vegvesenet denne veka sett fokus på bruk av belte i buss.

Av 40.500 kontrollerte busspassasjerar på landsbasis i fjor var det 10.000 som sat usikra. Den førebelse oppsummeringa etter kontrollane i fylket viser at folk er blitt flinkare i år.

– Det er kjempepositivt.

Kan skade både deg sjølv og andre

I ti år har det vore påbod om å bruke bilbelte i bussar som har det. Framleis droppar mange det.

Tryggestad seier mange kjenner seg tryggare i buss enn i bil, men understrekar at skadepotensialet er svært stort ved å droppe belte i buss.

– Sit du langt framme kan du treffe frontruta og bli slengt ut av bussen. Om bussen veltar vil du ramle sidelengs bortimot 2,5 meter og du kan treffe andre passasjerar. Det er klart slike krefter vil skade deg. I verste fall du kan ramle ut av bussen og få den oppå deg, seier ho.

Tal frå Vegvesenet viser at ein person vart drepen i ei bussulukke i fjor, mot sju drepne og sju hardt skadde i 2014. Fleire av dei omkomne kunne vore redda om beltet var på.

Reidun Tryggestad

POSITIVT: Reidun Tryggestad i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane seier det er gledeleg å sjå at utviklinga for bruk av belte i buss går i rett retning.

Foto: Erling Wåge/Fjordenes Tidende

Dei eldste og yngste er flinkast

Eivind Bell

FLINKARE: Bussjåfør Eivind Bell har inntrykk av at folk blir flinkare til å bruke belte.

Foto: Anna Gytri / NRK

Eivind Bell er bussjåfør i Firda Billag. Han stadfestar Vegvesenet sitt inntrykk at folk jamt over har blitt flinkare.

– Vaksne folk og dei minste skuleelevane er flinke, men det er noko med at vi ikkje når fram til tenåringane, seier han.

På bussane blir det informert om påbodet via høgtalaranlegget, med blinkande skilt og oppslag. Geir Are Strømnæss, leiar i Sogn og Fjordane Transportarbeidarforeining, er positivt til Vegvesenet sine kontrollar.

– Dei fleste passasjerane er ganske flinke, men vi ser stadig at passasjerane ikkje er så flinke som vi ønskjer.

Utanfor Førde Rutebilstasjon fortel fleire busspassasjerar at dei brukar belte. Mange har fått med seg farane med å droppe beltet. Blant dei 11 år gamle Linus Toft Iversen.

– Eg er meir sikker om det skulle skje ei ulukke.

Linus og Paul Toft Iversen

FORT Å GLØYME: Vedgår Linus (11) og pappa Paul Toft Iversen.

Foto: Anna Gytri / NRK

1500 kroner i gebyr

Både han og pappa Paul vedgår at det kan vere lettare å gløyme belte i buss enn i bil.

Men frå hausten av gjeld det å ikkje droppe beltet, forgløyming eller ei. Like lenge som det har vore påbod om belte i buss har Vegvesenet trua med bøter. No er ikkje truslane lenger tomme.

– Folk må følgje reglane, dei er der for at flest mogleg skal komme uskadde og i live ut av eventuelle ulukker, seier Tryggestad og legg til at bota for å droppe beltet vil bli 1500 kroner.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.