Hopp til innhold

Folketalet aukar i halve fylket

Halvparten av kommunane hatt ei auke i folketalet sidan SSB si måling på same tid i fjor. I Sogndal aukar folketalet mest i heile Sogn og Fjordane.

Kart Sogn og Fjordane

DELT: Folketalet i Sogn og Fjordane har auka med 223 innbyggjarar frå tredje kvartal i fjor og fram til tredje kvartal 2014.

Foto: Kart: Statens kartverk

Ifølgje Statistisk sentralbyrå si folketalmåling er det ikkje berre dei største bykommunane som Førde og Flora som lokkar til seg nye tilflyttarar. Både Gloppen og Eid har hatt ei markant auke både det siste kvartalet og året.

I heile fylket er det ei lita auke frå utgangen av same kvartal 2013. Folketalet i Sogn og Fjordane har auka frå 108 869 til 109 092 personar.

Stor auke

Sogndal har hatt den største auka sidan målinga på same tid i fjor. Kommunen har fått heile 123 fleire innbyggarar det siste året.

Ved utgangen av 3. kvartal 2013 budde det 7 555 i kommunen. I den ferske målinga har det auka til 7 678 innbyggarar.

Dette trass i at Sogndal var den kommunen der folketalet gjekk mest ned ved førre kvartalsmåling.

Ordføraren i Eid kommune, Alfred Bjørlo, er godt nøgd med auka.

Alfred Bjørlo

FORNØGD: Ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo.

Foto: Kristin Eide

– Talet på 5 956 er det høgaste folketalet registrert i Eid nokon gong. Folketalsauken så langt i 2014 samla er 30 personar. Det er særleg interessant at dette skjer trass i fødselsunderskot, seier Bjørlo.

Nedgang

For 13 andre kommunar i fylket er ikkje tala like lystig lesing. Selje, Vågsøy og Jølster har den største nedgangen i folketalet.

Selje kommune har mista heile 31 innbyggarar sidan utgangen av sist kvartal, og totalt 48 innbyggarar sidan same tid i fjor. Solund, som berre har i overkant av 800 innbyggjarar, har også mista relativt sett mange innbyggjarar med ein nedgang på 13.

Endring i folketalet

Endring i folketalet i Sogn og Fjordane (målt ved utgangen av 3. kvartal)

 

2013

2014

Endring

Flora

11760

11827

67

Gulen

2313

2316

3

Solund

815

802

-13

Hyllestad

1389

1401

12

Høyanger

4208

4175

-33

Vik

2691

2676

-15

Balestrand

1319

1302

-17

Leikanger

2271

2261

-10

Sogndal

7555

7678

123

Aurland

1714

1736

22

Lærdal

2173

2160

-13

Årdal

5444

5461

17

Luster

5114

5105

-9

Askvoll

3028

3004

-24

Fjaler

2848

2852

4

Gaular

2935

2949

14

Jølster

3061

3024

-37

Førde

12685

12788

103

Naustdal

2743

2791

48

Bremanger

3936

3907

-29

Vågsøy

6110

6073

-37

Selje

2797

2749

-48

Eid

5915

5956

41

Hornindal

1228

1224

-4

Gloppen

5682

5738

56

Stryn

7135

7137

2

Tal frå SSB.no

Ekspander/minimer faktaboks