Hopp til innhold

Vi blir fleire - men det går for sakte

Folketalet i Sogn og Fjordane auka med 360 det siste året. Ved årsskiftet var det 109.530 innbyggjarar.

Jølster mottak kurs om bank

DESSE SIKRA PLUSSTAL: Asylsøkarar, her på Jølster mottak, sytte for at folketalet i Sogn og Fjordane ikkje gjekk ned siste året.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Og folketalet har auka med små, små steg sidan 2007. Svein Arne Skuggen Hoff, som er fylkesdirektør for plan og samfunn, synest stega er for små.

– Tala viser at vi framleis har utfordringar med å få til ein vesentleg auke i folketalet. No er det viktig å utvikle strategiar for å få innvandrarar til å bli verande i Sogn og Fjordane. I tillegg bør vi arbeide for å redusere innanlands utflytting.

For det er eit faktum at det er langt fleire som flyttar frå Sogn og Fjordane enn til. I 2015 var det 2025 som flytta innanlands til Sogn og Fjordane, 2823 flytta frå fylket.

Det er innvandringa som bergar plusstalet i utviklinga siste året. Siste året kom det 1499 innvandrarar til Sogn og Fjordane, medan 371 personar utvandra.

Når vi i tillegg tek med at vi hadde eit lite fødselsoverskot (+ 99) så enda det med at vi ved siste årsskiftet tel 360 fleire enn året før.

Naustdal

AUKA MEST: Naustdal var den kommunen som hadde størst prosentvis auke.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Naustdal auka mest

15 av dei 26 kommunane hadde auke i folketalet, prosentvis størst auke var det i Naustdal, der dei vart 63 fleire (+ 2,3 prosent). I Sogndal vart det 162 fleire (+ 2,1 prosent), i Aurland og Gulen var det 1,5 prosent auke.

Både Flora og Førde hadde auke, Flora med 61 til 11.923 (+ 0,5 prosent) ved siste årsskiftet, Førde med 99 til 12.900 (+ 0,8 prosent).

Dei to minst folkerike kommunane var også dei som hadde størst prosentvis nedgang siste året. I Solund minka folketalet med 1,9 prosent til 785, i Hornindal med 1,7 prosent til 1200. I Årdal gjekk folketalet ned med 1,3 prosent til 5359.

Folketal kommunevis 1.1.16

Kommune

Folketal 1.1.15

Folketal 1.1.16

Prosent +/-

Flora

11 862

11 932

+ 0,5

Gulen

2 335

2 370

+ 1,5

Solund

800

785

- 1,9

Hyllestad

1 405

1 395

- 0,7

Høyanger

4 169

4 161

- 0,2

Vik

2 678

2 689

+ 0,4

Balestrand

1 304

1 294

- 0,8

Leikanger

2 276

2 298

+ 1,0

Sogndal

7 677

7 839

+ 2,1

Aurland

1 738

1 764

+ 1,5

Lærdal

2 146

2 172

+ 1,2

Årdal

5 429

5 359

- 1,3

Luster

5 118

5 093

- 0,5

Askvoll

3 008

3 023

+ 0,5

Fjaler

2 823

2 830

+ 0,2

Gaular

2 960

2 942

- 0,6

Jølster

3 026

3 020

- 0,2

Førde

12 801

12 900

+ 0,8

Naustdal

2 777

2 840

+ 2,3

Bremanger

3 890

3 846

- 1,1

Vågsøy

6 082

6 046

- 0,6

Selje

2 752

2 774

+ 0,8

Eid

5 987

6 015

+0,5

Hornindal

1 221

1 200

- 1,7

Gloppen

5 751

5 784

+ 0,6

Stryn

7 155

7 168

+ 0,2

Ekspander/minimer faktaboks