Hopp til innhold

Vi blir 8000 fleire innan 2040

118 000 menneske vil bu i Sogn og Fjordane i 2040, ifølge Statistisk Sentralbyrå. Det er den nest minste folkeveksten i landet og langt under landsgjennomsnittet.

Lærdalsmarknaden

FOLKEMENGD: Sler prognosane til er vi 118 000 sogningar og fjordingar i 2040. Her frå Øyragata på gamle Lærdalsøyri.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Samstundes vil sentraliseringa føre til ei sterk aldring i distriktskommunane frå dagens allereie høge nivå. Fordelen er at vi lever lenger enn dei fleste andre i landet.

– Folk vil leve lenge i Sogn og Fjordane også i framtida, seier Astri Syse i Statistisk Sentralbyrå til NRK Sogn og Fjordane.

Raskast i historia

I dag la Statistisk Sentralbyrå (SSB) fram sine folkemengd-framskrivingar til 2100. Samstundes la dei fram regionale framskrivingar til 2040.

Medan den neste millionpasseringa på landsnivå truleg vil vere den raskaste i historia, og medan folkeveksten landet sett under eit kan bli på 22 prosent, vil folkemengda i Sogn og Fjordane auke med berre åtte prosent. Dette dersom framskrivingane i det sokalla hovudalternativet sler til.

Størst auke vil Sogndal få, med 2 700 fleire innbyggarar enn i dag, Førde vil få over 2 500 fleire og Florø 1 400 fleire menneske rekna innanfor dagens kommunegrenser.

Størst nedgang vil Solund, Hyllestad og Årdal få. Men ved alternativet "Høg nasjonal vekst" vil alle kommunane enten ha folkeauke, eller halda dagens nivå.

Låg fødselsrate

Liten innflytting, låg fødelsrate og trenden med at innvandrarane til fylket ikkje blir verande er hovedgrunnane til at Sogn og Fjordane kjem nest verst ut med åtte prosent folkevekst, berre slått av Nordland og Finnmark sine sju prosent.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) meiner fylket må arbeide for det som påverkar flyttetalla til fylket.

– Det eine er jo innvandring, me må ta vår del av innvandringa og busetje flyktningar og få dei til å bli buande her. Det andre er arbeidsplassar. Ikkje berre jobb til ein, men jobb til to, slik at ungodmane kan få jobb til kjæresten sin. Dette er to viktige grep når eg ser ein slik statistikk. For viss vi ikkje gjer noko, kan tala bli slik som framskrivinga syner.

Men Følling ser solskin i horisonten.

– Fylket er inne i ein god trend. Frå 2015 til 2016 hadde me ei betre folketalsutvikling enn både Oppland, Telemark, Nordland, Hedmark og Finnmark fylker, og veksten var større enn nokon gong. For å halde fram veksten er det heilt avgjerande at vi får til ei utvikling i dei næringane som fylket er sterke på, seier Følling.