NRK Meny
Normal

Vi avslører hemmelegheita bak Kari sitt beste julebrød

JØLSTER (NRK): Når Kari Støfringsdal bakar julebrød, er det med ein stor porsjon kjærleik. Gjærdeig er noko av det kjekkaste ho veit å jobbe med, og skal du få gode brød bør du ta tida til hjelp.

Kari Støfringsdal brukar ein stor vedfyrt bakaromn til å steike julebrøda sine.

SJÅ VIDEO: For Kari Støfringsdal er gjærdeig noko av det kjekkaste ho veit å jobbe med.

Baksten til Kari blir steikt i ein stor vedfyrt bakaromn på garden. Den store vedfyrte bakaromnen er sjølve hjartet i Fjordamattunet på Jølster. Opphavleg var dette det gamle grisehuset, no er det heilt andre lukter som fyller dei kvitkalka veggane i rommet.

– Då eg starta opp Fjordamattunet, var draumen å få ein vedfyrt bakaromn, fortel vertinna sjølv, Kari Støfringsdal.

Eg synst det er so kjekt å jobbe med gjærdeig, for den lever litt sitt eige liv.

Omnen som lever sitt eige liv

Kokebokforfattaren og husstellæraren måtte heilt til Telemark for å finne ein murar som kunne gjere jobben. Omnen blir gjerne fyrt med ved i fleire dagar, før den får den rette temperaturen. Inne i den steinlagde omnen er det plass til 24 brød, og utan ein termostat trengst det både erfaring og eit trena auge for å sjå om baksten er ferdig steikt.

– Eg må ofte ta ut brøda og sjå på fargen. Av og til kan det vere litt sterk undervarme, då må eg finne løysingar på det, fortel Kari.

Eit godt triks er å banke på brøda, høyrer du ein hol lyd er dei ferdigsteikte.

Kari Støfringsdal

PERFEKTE BRØD: Skal du få gode brød, bør du ta tida til hjelp.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Oppskrift på Kari sine julebrød

Hemmelegheita bak eit godt julebrød er å lage ein seig og god deig, som helst er elta i maskin. Kari eltar inn det mjuke, tempererte smøret til slutt. Det lærte ho då ho gjekk i lære hos Morten Schakenda på Lom Bakeri.

Her er oppskrifta:

  • 1,2 kg kveitemjøl
  • 6 dl mjølk
  • 150 g sukker
  • 1 ts. salt
  • 2 ts. kardemomme
  • 50 g gjær
  • 1 egg
  • 150 g smør

Slik gjer du det

Varm mjølka til ca. 30 grader, alle råvarene bør ha romtemperatur. Bland alt utanom smøret og la maskina gå nokre minutt på sakte fart før du aukar farten og eltar i ca. 5 minutt. La deigen kvile i 10 minutt.

Tilset mjukt smør i terningar medan maskina går på sakte fart til alt smøret er godt blanda i deigen. Dekk med plast og la deigen heve i minst ein time. Del deigen i tre og lag runde emne som får kvile på benken ca. ein halv time.

Om du ynskjer rosin i bollane eltar du dei inn før du deler deigen opp i emne. Det er best om du bløyter rosinene i lunka vatn nokre timar før du brukar dei i bakverk.

Steik julebrøda på nedste rille ved ca. 200 grader (over- og undervarme) i 25–30 minutt, eller til brøda har fått fin farge og er gjennomsteikte. Følg med mot slutten av steiketida, etter ca. 20 minutt. Dersom du synst julebrøda ser ut til å bli litt for brune på toppen kan du legge er bakepapirark over brøda.

Denne deigen er god til skillingsbollar, skulebollar og kringle også.