Hopp til innhold

VG: Veronica døydde av drukning

Veronica Heggheim Stegegjerdet (22) døydde av drukning. Det syner den endeleg obduksjonsrapporten.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

DRUKNING: Den endelege obduksjonsrapporten syner ifølgje VG at Veronica Heggheim Stegegjerdet døydde av drukning.

Foto: Halvor Farsund Storvik / Privat / NRK

Det er VG som melder dette i ettermiddag.

– Dette er same konklusjonen som i den førebelse obduksjonsrapporten, seier regionlensmann Arne Johannessen til avisa.

Heggheim Stegegjerdet vart funnen død i Barsnesfjorden 14. november, ikkje langt frå heimen sin i Årøy i Sogndal, etter å ha vore sakna i nær tre veker. Saka har blitt etterforska som mistenkeleg.

Johannessen seier at den endelege rapporten dei mottok frå Gades institutt ikkje gir vesentleg ny informasjon, ut over det politiet visste frå før.

– Eg vil ikkje gå inn på detaljar i rapporten, sidan vi er i ein etterforskingsfase, seier han.

Etterforskinga held fram for fullt

Lensmannen seier etterforskinga vil halde fram for fullt, slik han også tidlegare har stadfesta til NRK. Saka vert prioritert høgt, og med full styrke.

Mellom anna har politiet fleire prøvar til analyse hjå Kripos. Det gjeld både mobiltrafikk, dataspor og tekniske prøver av gjenstandar.

Til VG seier han at den endelege obduksjonsrapporten ikkje endrar på fokus i saka.

Sikta for vald og falsk forklaring

Ein mann i 40-åra er sikta for brot på narkotikalova, falsk forklaring i Veronica-saka og vald. Han har sete fengsla sidan 27. november. Måndag 22. desember blei varetektsfengsla forlenga med fire veker.

Sogn tingrett meinte at vilkåra for vidare varetektsfengsling er oppfylte, men finn ikkje at det er grunnlag for å mistenke at den sikta har påført Heggheim Stegegjerdet lekamsskade eller lekamskrenking.

Mannen anka den forlenga varetektsfengslinga, samstundes som påtalemakta anka brev- og besøkskontrollen og ønska eit brev- og besøksforbod. Men i romjula trekte begge partane ankane sine.

– I løpet av torsdag tek vi stilling til om vi skal be om forlenga varetektsfengsling. Det er ingen endringar i siktinga, seier Johannessen til VG

Mannen sin forsvarar, Trygve Staff, seier til avisa at han ventar på om politiet vil be om forlenga fengsling.