Hopp til innhold

VG: Fleire feil gjorde at trippeldrapstiltalte døydde

Den tiltalte etter trippeldrapet i Årdal døydde i september i fjor av skadane han fekk etter han hoppa utfor eit tak i Bergen fengsel. No er det avdekka fleire feil som gjorde dødsfallet mogleg.

Busstragedie på Valdresekspressen

TOK SITT EIGE LIV: Den 4. november i fjor vart ei 19 år gamal jente og to menn i 50-åra drepne på Valdresekspressen. Den tiltalte for drapa tok seinare sitt eige liv. Dokument VG har fått tilgang til konkluderer med at sjølvmordet kunne ha vore avverja.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Den tiltala etter trippeldrapet i Årdal var i samtale med to psykologar og tre betjentar utandørs, då han klatra opp og hoppa frå taket til Bergen fengsel.

Dokument frå Kriminalomsorga og Bergen fengsel, som VG har fått innsyn i, viser at hendinga kunne vore unngått.

– Vi ser at betjentane kunne ha vore utplassert på ein annan måte for å sikre tryggleiken dersom noko skulle skje, skriv assisterande regiondirektør Leif Waage og tryggingsinspektør Kennet V. Johansen, i ein av rapportane VG siterer.

Der blir hendinga omtalt som eit sjølvmord.

Den tiltalte hadde vore varetektsfengsla sidan pågripinga. Rettspsykiatrar vurderte han som strafferettsleg tilrekneleg. Før han hoppa, hadde han også tidlegare gjort forsøk på sjølvskading.

Mannens forsvarar, advokat Fredrik Verling, seier til VG at klienten ikkje burde ha fått sjansen til å springe frå vaktene.

– Ein burde ha sett at dette kunne skje og tatt forholdsreglar. Samtidig kan ein ikkje låse folk fast til golvet heller. Mitt inntrykk er at fengselet hadde høgt fokus på tryggleiken rundt mannen, seier han.