Hopp til innhold

Vevring jubilerer med dommedagshorn

Presis klokka 11 ljoma det i verdas største hornhøgtalar - i Vevring.

Det markerte starten på den 30. Vevringutstillinga i den vesle naustdaldsbygda.

Kunst til lands og til vanns

Heilt sidan 1979 har utstillinga trekt kring 50 000 publikumarar til Vevring. Desse har sett verk frå kring 300 kunstnarar frå inn- og utland. I år deltek 150 kunstnarar under utstillinga som går av stabelen denne helga.

- Det føregår mykje kunst på sjøen. Mellom anna ein konvoi der vi har 500 båtar ståande ute, seier Anne Line Førsund.

Veg eller sjø

Publikum kan ta landevegen utover langs Førdefjorden, eller dei kan oppleve ei kulturreise sjøvegen med Atløy frå Florø.

- Alle vegar fører til Vevring denne helga, ler Førsund som sjølv fekk det ærefulle oppdraget å lokke dei aller første kunstnarane til Vevring. Utstillinga i år har ei av Norges største gruppeutstillingar.

Urframføring

I tillegg til den spesielle hornhøgtalaren som under opninga formidla urframføring av eit spesialkomponert verk. Ideen bak prosjektet tek utgangspunkt i støyforureininga som ei eventuell gruvedrift i Engebøfjellet vil medføre.

Det er biletkunstnar Geir Hjetland og komponist Maja Solveig Kjelstrup Ratkje som har utarbeidd lydkskulpturen. Desibel vil kunne høyrast i heile fjordbassenget.

Spede start

Førsund var 17 år gamal då ho fekk i oppdrag å reise til Oslo for å trekkje kunsten ut frå tigerstaden til landsbygda, og vesle Vevring.

- Det var vannvittig spanande og kjekt. Eg fekk 1 000 kroner i handa og eit kjempedigert teppe å frakte ned til Oslo. Det var ei freisting å få oppleve den utrulege utstillinga og bli betrudd eit slikt oppdrag, fortel ho om utstillinga sin spede start, fortel ho.