Hopp til innhold

Vettisfossen har ført til turistauke

Talet på turistar i Årdal har auka i år, og det er først og fremst Vettisfossen som trekkjer dei til Årdal.

Vettisfossen

DENNE VIL DEI SJÅ: Vettisfossen med 271 meter fritt fall.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Å sjå Vettisfossen på nært hald er gratis, difor finst det ikkje tal for kor mange som har teke turen inn Utladalen for å sjå dei 271 metrane med fritt fossefall. Men dei som driv med turisme i området har merka auken godt.

I sommar har Klingenberg Hotell drive tradisjonsrike Vetti gard og turiststasjon, og hotelleigar Erling Eggum kan rapportere om stor auke i talet på dagsturistar som er innom på veg til eller frå Vettisfossen.

– Vi har hatt ein tydeleg auke i talet på folk som kjem innom for å få seg mat og drikke.

Vetti i Årdal

OPE I SOMMAR: Vetti gard og turiststasjon var stengd i fjor sommar, i år har Klingenberg Hotell stått for drifta.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Mange utlendingar vil sjå Vettisfossen

Også Kristoffer Nystedt på Utladalen Camping kan rapportere om ein svært god sesong.

– Vi har hatt svært mange utanlandske gjester som bur på campingplassen og som tek turen inn til Vettisfossen. I tillegg har vi hatt bra med fjellvandrarar, sjølv om det var mykje snø i starten av sesongen.

Auken kjem trass i at naturen og vêret ikkje har spela på lag. I fjor var mange av gjestene folk som fiska i Utla. I år har vatnet i elva vore for kaldt, og fiskarane har difor uteblitt. Men dei er erstatta av andre kategoriar turistar.

Turen frå parkeringsplassen på Hjelle inn til foten av Vettisfossen tek halvannan time, og på vegen dit kan du treffe turistar av alle typar, frå fjellvande nordmenn til spanjolar i kle og sko som passar betre på bytur enn i den dramatiske naturen i Utladalen.

Utladalen med Hjellefossen

NATURPERLE: Utladalen er eit spennande område for mange turistar. På dette biletet ser vi litt av Hjellefossen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Beste året nokon gong

Men det er ikkje berre i Utladalen dei merkar auka tilstrøyming av turistar i Årdal. Klingenberg Hotell på Årdalstangen har hatt sin beste sommar nokon gong, fortel Erling Eggum.

– Vi har hatt spesielt mange asiatar i år, mest japanarar og koreanarar.

Kristoffer Nystedt har no vel eitt år bak seg som aktør i reiselivet i Årdal, og han meiner kommunen med attraksjonar som Tindevegen, Vettisfossen, Utladalen og Jotunheimen har potensial til å bli ein vesentleg større reiselivskommune enn tilfellet er i dag.

Erling Eggum

MEIRSMAK: Erling Eggum vil gjerne halde fram emd å drive Vetti gard og turiststasjon.

Foto: Imre Igari Gabor

Men talet på overnattingsplassar hindrar ein større auke. Sjølv har Nystedt planar om å utvide kapasiteten på Utladalen Camping.

– Vi har alt utvida frå i fjor i og med at vi driv gjestgiveri på Svalheim gard, men vi håpar å kunne utvide litt til neste år, og vi vil og gjere noko med kvaliteten på produktet.

Og Eggum vil gjerne drive Vetti gard og turiststasjon også neste sommar.

– Berre vi blir samde med eigaren så skal vi halde fram. Denne sommaren var ein prøve, men det har gitt meirsmak. Og det å ha drift i Vetti er svært viktig for heile reiselivet i Årdal.