Hopp til innhold

– Eg håpar flaska blir liggande til neste gang

STONGFJORDEN (NRK): Det vart berre nesten då Askvoll-ordførar Frida Melvær (H) skulle redøype veteranbåten Stangfjord.

Det gjekk ikkje heilt som planlagt då Askvoll-ordførar skulle redøype MS Stangfjord.

DÅP: Ordførar Frida Melvær (H) fekk eitt forsøk på å redøype veteranbåten, men det var ikkje skroget champagneflaska trefte. (FOTO: Mattias Bergset/NRK)

Det var duka for folkefest då 83 år gamle MS Stangfjord vende heim til Stongfjorden tysdag.

På programmet stod både båtkonvoi, musikk og yrande folkeliv. Og redøyping av veteranbåten. Det siste vart godkjent med eit naudskrik.

– Eg trur tråden var litt laus, så flaska gjekk rett på botn. Så vi er samde om å prøve på nytt når båten er heilt klar. Då med same flaska. Om den framleis ligg der, humrar ordførar Frida Melvær (H) om dåpen som nesten gjekk bra.

Limet i bygda

Ove Losnegård

STOLT: Ove Losnegård var godt nøgd då han gjekk i land frå Stangfjord i Stongfjorden. – Det er ein stor milepæle i restaureringsarbeidet, seier han.

Foto: Mattias Bergset / NRK

Veteranbåten vart bygd for Stangfjordens Elektrochemiske Fabrikker i Kvinnherad i 1933 og har mange år på fjordane i Sogn og Fjordane.

Først og fremst i rute mellom Stongfjorden og Askvoll, men også til barnedåp, bryllaup, kommunestyremøte, gravferder og sjuketransport. Under krigen nytta den tyske okkupasjonsmakta båten til passasjertransport under namnet «Ingrid».

– Den var eit viktig lim i bygda Stongfjorden i gamledagar. Det var den som var vegen ut i verda. Det var den som heldt folket saman, seier Ove Losnegård.

Møtt av konvoi

Fride Melvær

ÆRVERDIG: Ordførar Frida Melvær (H) skildrar Stangfjord som eit ærverdig minne frå førkrigstida og krigsåra.

Foto: Mattias Bergset / NRK

Han var sjølv om bord då redningsskøyta leia 83-åringen si gamle, og nye, heimekai i Stongfjorden. Båten har vore gjennom eit stort restaureringsarbeid i Hardanger. Arbeidet skal no halde fram ved Jensbua i Fjaler.

For framleis manglar både innreiing og motor. Stangfjord vart møtt av ein konvoi med småbåtar då to og ein halv dags heimtur gjekk mot slutten tysdag.

– Dette er stort for oss som har arbeidd så mange år med båten, seier Losnegård som har følgt båten sidan Askvoll kommune tok hand om den i 1995 for å ta vare på fartøyet som eit kulturminne etter aluminiumsindustrien i Stongfjorden.

Skal på nytt i rute

Fram til 2008 stod fartøyet under tak til det vart samla inn nok pengar til å starte restaureringsarbeidet. Då vart båten flytta til Hardanger Fartøyvernsenter.

Når Stangfjord står ferdigrestaurert, skal båten på nytt takast i bruk til persontransport.

– Vi opplever etterspurnad frå reiselivet. Desse små fjordane mellom Sognefjorden og Nordfjord treng båtar som ikkje er for store og tunge i drift til opplevingsturar og charterturar, seier Losnegård.