NRK Meny
Normal

Veteranskute på fjordferd langs Sognefjorden

I ei veke går veteranbåten MS Atløy innom gamle stoppestader langs Sognefjorden. Lasta med fiske og frukt gjer den sitt for å halde kystkulturen i hevd.

MS Atløy seglar på ny langs Sognefjorden.

KYSTARV: MS Atløy har på ny lagt ut på ferd langs Sognefjorden, 40 år sidan den gjekk i rutefart på same fjorden. Foto/redigering: Arne Stubhaug.

MS Atløy gjekk i rutefart fram til 1974, og no har den igjen lagt ut på reise langs Sognefjorden. Det blir godt motteke av folk langs fjorden.

– Eg trudde ikkje mine eigne auge, det er ufatteleg. Eg likar godt desse gamle fjordbåtane. Når ein sit om bord er det som å vere på sjela til sjøen, seier Øyvind Andreassen, som står ved kaia i veglause Frønningen.

Om bord i båten får dei som vil handle lettsalta torsk og brosme, klippfisk og spekesild.

Gode minner frå gamle dagar

Mannskapet på båten er stort sett pensjonistar. Matros Helge Terøy og skipper Ludvig Grytten, har saman restaurert den gamle skuta, og no driv dei det verna fartøyet på dugnad. Skipet vart bygd i Bergen i 1931, og er framleis i original stand.

For dei som står tek i mot båten når den kjem til kai, vekkjer det gode minner frå ei nær svunnen tid.

– Det er flott ar nokon er interesserte og vil ta vare på dei gamle båtane, det er dei som var stil på sjøen, seier Knut Sandnes, ved kai i Sandnes i Lærdal.

Båten seglar langs Sognefjorden til og med fredag 26. september.