Hopp til innhold

Vestlendingar nyt haustvêret

Det er ikkje kvart år oktobervêret er like fint som no. Det er det mange som set pris på.

Diverse bilete frå Stavenes i Sogn og Fjordane. Nydeleg ver. Bilder av folk som koser seg i sola. Folk i Bergen. Nedbørsmengde.

MOT NORMALT: På heile Vestlandet nyt vestlendingar ein oktober som er vêrmessig mot normalt.

Olai Tefre

LITE NEDBØR: Vêrmålar Olai Tefre i Førde har hatt uvanleg lite nedbør å rapportere om hittil i oktober.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Oktober har starta på best moglege måte for solglade vestlendingar. I regnbyen Bergen er det registrert berre 20 millimeter nedbør hittil, og i Førde har vêrobservatør, Olai Tefre, hatt dag på dag med tørr regnmålar. Han har inntrykk av at vêret er annleis no enn det var før.

– Tidlegare var det kanskje slik at det regna på føremiddagen og var fint på ettermiddagen. Eller så regna det om natta, medan sola skein om dagen, no varer vêret lengre om gongen. Det er vel og prognosane, at vi får meir periodisk vêr.

Må nytast

Rakel Sunde og Theodor Sunde Andal

FANTASTISK: Etter ein kald og våt sommar er Rakel Sunde svært glad for varme og fine haustdagar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ifølge meteorologane skal også denne veka stå i stil til slik det har vore hittil i månaden. Ei som veit å setje pris på det er Rakel Sunde.

– Vi hadde ein sommar med mykje regn og kulde, så det er heilt fantastisk med slik haustvêr. I går gjekk vi i t-skjorte då vi var på fjellet. Det er skikkeleg herleg, så no må vi nyte det medan vi har fri.