Hopp til innhold

Vestlandsvatn til giardiaråka

Hansa opnar no eige utsal for Oldenvatn i Oslo. Bakgrunnen er at drikkevatnet i hovudstaden er infisert med Giardia.

Olden-flasker
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det er den same parasitten som gjorde mange sjuke i Bergen for tre år sidan.

Fleire hundretusen innbyggjarar i Oslo har trøbbel med drikkevatnet. Dei må koke vantet i tre minutt før det kan brukast til mat, drikke eller tannpuss. No kjem hjelpa. Trailerar med vatn frå Vestlandet skal hjelpe Oslofolket med drikkevassmangelen.

Stor pågang

Lisbeth Hope Frugård i Hansa Bryggerier seier dei alt merker stor pågang etter flaskevatn i Oslo. Ho forventar å sende millionar av liter til ein tørst hovudstad.

- Kjem dette til å vare ein stund, kan folk få nye vanar med å drikke vatn frå flaske. Og det kan bety fleire faste kundar, seier Frugård.

Kjem frå avføring

Giardia-parasitt

Giardia-parasitt

Foto: Scanpix/AP

Parasittane i Oslo sitt drikkevatn kjem frå avføring frå dyr eller menneske.

Mattilsynet, kommuneoverlegen og smittevernoverlegen sendte ut vassalarmen i 06-tida onsdag morgon, etter å ha fått påvist parasittane i vatnet tysdag kveld.

300 framleis sjuk i Bergen

Hausten 2004 vart rundt 5000 menneske i Bergen smitta av den aggressive mageparasitten giardia. Kloakk frå husa i nærområdet hadde rent ut i den kommunale vasskjelda.

Dei sjuke fekk først magesmerter, diaré og kvalme, men for svært mange førte mageparasitten til langvarig sjukdom.

Minst 300 menneske i Bergen har framleis plager som skyldes parasitten, fleire år etter sjukdomsutbrotet.