Hopp til innhold

Vestlandsrivalane krangla om raude kort

SOGNDAL (NRK): Fem gule og eit raudt kort. Brann meiner det raude kortet burde gått til Sogndal. Sogndal meiner det raude kortet til Brann var soleklart.

Bismar Acosta og dommar Martin Lundby

RAUDT: Dommar Martin Lundby viste Bismar Acosta det raude kortet. Etter kampen var Brann- og Sogndal-leiren heilt usamde om kven som skulle fått kva farge på kortet.

Foto: Christian Blom

Situasjonane det er snakk om er Martin Ramslands vel tøffe duell med Amin Nouri, og Bismar Acostas slag mot Henrik Furebotn. Alt etter halvtimen.

Brann-kaptein Vadim Demidov var lite nøgd med måten lagkamerat Acosta fekk det raude kortet på.

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg tykkjer det er flautt å gjere slike ting. Ein kan stå oppreist, ta det som ein mann og la dommaren gjere jobben. Det var pinleg å sjå han rulle rundt, seier han med klar adresse Furebotn.

Fingrane i augene

– Eg har aldri lagt meg ned utan grunn, så det får stå for hans rekning. Eg fekk fingrane hans i begge augene. Dei som har prøvd det veit det er ganske vondt, svarar årdølen etter å ha sett situasjonen i reprise på TV2.

Henrik Furebotn fortel om 0-0 mot Brann.

SJÅ VIDEO: Henrik Furebotn fortel om kampen og situasjonen der Bismar Acosta fekk det raude kortet. (FOTO: STEINAR LOTE/NRK)

Furebotn kom til tumultane som oppstod etter at Ramsland la Nouri i bakken.

– Eg gjekk bort for å få folk vekk frå Ramsland, og såg ikkje kven som slo. Det virkar som han snur seg. Eg veit ikkje.

– Er det raudt kort om det er uhell?

Ikkje om det er uhell, men han såg meg nok.

– Soleklart raudt

Acosta ville ikkje møte pressa etter kampen og gjekk rett i bussen. Att stod lagkameratar og motstandarar, fullstendig usamde i kven som skulle hatt kva farge på kortet.

Brann-trenar Lars Arne Nilsen om 0-0 mot Sogndal.

SJÅ VIDEO: Brann-trenar Lars Arne Nilsen om poengdeling på Fosshaugane. (FOTO: STEINAR LOTE/NRK)

– Det er mange spelarar som kjem til i situasjonen, og då blir det som regel bråk, vedgår Ramsland som var den som starta tumultane. Nouri er ikkje i tvil om kva haustfarge sørlendingen skulle fått på kortet.

– Eg meiner det er soleklart raudt. Han kjem i stor fart, og går etter meg i staden for ballen.

Ikkje bevisst

Frå tribunen kunne det sjå ut som Ramsland medvite planta armen sin i ansiktet til Brann-backen.

Sogndal-spissen hadde ikkje sett reprisen då han møtte pressa.

– Det var ikkje bevisst i så fall, men eg opplever det ikkje slik. Det kjem ein høg ball og eg går for tøft inn. Amin vinn duellen, oeg eg er for sein. Det er eit greitt gult kort, seier Ramsland.

Eirik Bakke om 0-0 mot Brann.

SJÅ VIDEO: Sogndal-trenar Eirik Bakke om vestlandsderbyet mot Brann. (FOTO: STEINAR LOTE/NRK)

Høgt tenningsnivå

Om det var noko vestlandsderbyet inneheldt, så var det temperatur. Noko fem gule og eitt raudt kort vitnar om.

– Tenningsnviået var høgt til tider, seier Ramsland som sjølv vart bytta ut etter 60 minuttar.

Ti-mann Brann heldt ut mot Sogndal sine 11 spelarar, og fekk med seg eitt poeng. Medan heimelaget var skuffa, var gjestene nøgde.

– Med tanke på det raude kortet, og at vi måtte forsvare oss i 60 minuttar, så kan poenget ha utruleg mykje å seie i innspurten, seier Nouri.

Laster innhold, vennligst vent..