NRK Meny
Normal

Vestlandsnatur for millionar av TV-sjåarar

Sist helg fekk millionar av TV-sjåarar i Tyskland og Frankrike ein stor dose med vestlandsnatur - dei fleste av opptaka var gjort i Bygstad i Sunnfjord.

TV-team på besøk i Bygstad hos Merete Larsmon

TRE VEKER MED OPPTAK: Merete Larsmon vart godt van med å opptre framfor TV-kamera.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

I slutten av mai var eit team frå TV-kanalen Arte i Sunnfjord i tre veker for å gjere opptak til eit program om kvinner i norsk skogbruk. I tillegg til filming av aktivitetane i skogen tok dei seg turar rundt om i Sogn og Fjordane for å få med seg gode naturscener.

Merete Larsmon, som bur i Bygstad, er leiar i organisasjonen Kvinner i Skogbruket. Ho har fått ei sentral rolle i programmet.

Ho seier at resultatet er veldig god turistreklame. I tillegg til å filme mykje flott natur var TV-teamet mellom anna i Undredal for å filme geiter på båttur over til beite på andre sida av fjorden.

– Arte kallar seg Europa-versjonen av National Geographic og lagar seriøse dokumentarprogram for Tyskland og Frankrike. Det var eit fantastisk forsommarvêr då dei gjorde opptaka, og det vart veldig mange fine naturopptak frå ytre Sunnfjord og Hyllestad.

Merete Larsmon

GOD VESTLANDSREKLAME: Merete Larsmon meiner programmet vil trekkje endå fleire turistar til Vestlandet.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

17. mai-feiring i Bygstad

Dei tyske TV-folka fortalde at interessa for norsk natur er stor og aukande i Europa, mellom anna på grunn av Preikestolen.

17. mai-feiringa i Bygstad får også plass i det 43 minutt lange programmet, og Merete hadde teamet med seg på tur til stølen, som ligg rett under Storehesten.

– Det var ein veldig hyggeleg gjeng som var her i Bygstad desse tre vekene.

Ein som har sett programmet er den norske landbruksattasjeen i Brussel, Knut Austad.

– Vi har fått veldig gode tilbaakemeldingar frå han. Han påstår at halvparten av dei 500 millionane som bur i Europa kan sjå programmet, så vi får iallfall håpe at ein del av dei har gjort det.

– Som hand i hanske

Som leiar i Kvinner i Skogbruket vart Merete Larsmon ein hovudperson i programmet, saman med resten av familien sin på Kårstad i Bygstad..

– Eg hadde inntrykk av at dei på førehand hadde sett seg ut Vestlandet som opptaksområde, og då dei oppdaga at eg faktisk bur her i Bygstad, så passa det som hand i hanske for dei.

No har Merete sett programmet, og ho seier at ho kanskje er inhabil når ho blir spurt om kva ho synest om det.

– Men det var kjekt å få vere med på å presentere skogbruk og natur på Vestlandet på ein slik måte. Då dei spurde meg var eg veldig usikker, men dei hadde googla innslag eg hadde vore med på i NRK, så dei meinte at dette ville eg klare.

Tittelen på progammet er oversett til norsk «Skogskvinner på frammarsj».

– Vi har mange kvinnelege skogeigarar som vi ynskjer å få meir i tale og få meir i aktivitet, så på den måten stemmer det at vi er i frammarsj. Det er ein fin måte å sette fokus på kvinner i skogbruket, men eg får håpe at dei nede i Europa ikkje trur at det er berre kvinner i norsk skogbruk. Vi er eigentleg ein veldig liten del, seier Merete Larsmon.

Ho fortel at Arte no har planar om å lage program på bygginga av det store vikingskipet som skal byggjast til Sagastad på Nordfjordeid.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.