Vestlandskvinne melde mann for overgrep – politiet fann ytterlegare seks moglege offer

Politiet meiner austlendingen i 50-åra har forgripe seg på sju kvinner. Saka byrja å rulle etter at ei kvinne frå Vestland melde mannen for overgrep over fleire år.

Politihuset i Bergen

RULLA OPP: Vest politidistrikt har gjeve overgrepssaka høg prioritet. Sidan saka går over fleire distrikt har også Kripos hjelpt til i etterforskinga.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Når politiet no seier seg ferdige med etterforskinga, er mannen sikta for grov valdtekt, og seksuelle overgrep mot born under 14 år og born under 16 år.

Advokat Ivar Eivind Hauge

FORSVARAR: Advokat Ivar Eivind Hauge seier at den sikta austlendingen tek skuldingane svært tungt. Mannen risikerer fengsel i fleire år om han blir funnen skuldig.

Foto: RAGNHILD MYKLEMYR / NRK

Forsvarar Ivar Eivind Hauge seier at mannen avviser skuldingar om valdtekt og maktbruk.

– Han avviser skuldingane i alt det vesentlege. Det er nokre ting han meiner han ikkje skulle gjort, men som han ikkje meiner er straffbart, seier forsvareren.

Overgrep mot born

Mannen har sete fengsla sidan han møtte i Hedmark tingrett i november 2018. Etter at ei kvinne frå Vestland melde mannen sommaren same år, meiner politiet å ha identifisert ytterlegare seks offer.

Ifølgje ei av fengslingane i haust, er mannen sikta for ei «rekkje overgrep av svært grov natur over mange år dels mot nærståande familiemedlemer og andre mindreårige».

Politiadvokat Christine Wisløff seier etterforskinga har vore krevjande då fleire forhold ligg tilbake i tid. Kripos har hjelpt til med å sikre spor frå datamaskinene og telefonane til mannen.

Dei eldste overgrepa skal vere frå tidleg på 2000-talet. Dei siste skal ha skjedd sommaren før han vart pågripen.

– Det er ei veldig stor og alvorleg sak. Jentene har vore i omgangskrinsen hans, og han har møtt ei på Internett. Det er familierelasjon med enkelte, seier Wisløff.

Frykta fleire offer

Med unntak av kvinna frå Vestland, er dei fornærma busette på Austlandet. Politiet meiner å kunne bevise overgrep frå tidleg på 2000-talet til sommaren 2018.

Nokre av jentene skal ha vore utsett for fleire overgrep. Saka byrja å rulle då kvinna frå Vestland tok bladet frå munnen og fortalde politiet om overgrep over fleire år.

– Ho visste ikkje, men hadde ein tanke om at det kunne vere fleire offer og at han kunne forgripe seg mot fleire. Melde ho det til politiet, så hadde ho moglegheit til å stoppe det, seier kvinna sin advokat, Lene Knapstad.

Chatta og møttest

Vestlandskvinna var i barneskulealder då ho skal ha kome i kontakt med austlendingen på internett.

Knapstad seier dei kommuniserte på ulike plattformer, og at dei har møttest. Ho vil ikkje gå i detalj på overgrepa, eller kvifor dei fekk halde fram over fleire år.

– Ho har prøvd å skyve overgrepa vekk, og ikkje heilt ville ta det innover seg. Det endrar seg når ein blir vaksen og ser ting i perspektiv, seier ho.

Glad han blir stoppa

Knapstad seier at kvinna både er letta og opplever saka som tung.

– Kvart einaste overgrep som har kome til har vore tungt for henne, og det er frykteleg at så mange er utsette for overgrep av sikta. Samstundes er ho glad for at sakene kjem fram i lyset, og ikkje minst at han blir stoppa, seier ho.

– Med omfanget saka har fått, ser ho viktigheita av den, legg Knapstad til.