Hopp til innhold

Vestlandsbøndene har minst vekst

Inntektene for bøndene på Vestlandet auka med berre éin prosent frå 2014 til 2015, medan inntektene i jordbruket på Austlandet, på Jæren og i Trøndelag auka med over 20 prosent. Det skriv tidsskriftet Bonde og småbruker. Landbruksminister Jon Georg Dale meiner inntektene kan auke på Vestlandet dersom ein konsentrerer kjøtproduksjon til område som Vestlandet og Nord-Norge.