Vestlandsbonden tente mindre

Vestlandsbonden fekk ei årsinntekt på 299.600 kroner per årsverk i fjor. Det er ein nedgang på kr 2.700 frå 2017, viser ei undersøking frå Norsk institutt for bioøkonomi. Det er likevel stor variasjon mellom ulike produksjonar. Vestlandsbonden låg høgare enn landssnittet grunna tørke i store delar av landet. På landsbasis minska jordbruksinntekta med 35.900 kroner per årsverk.