Vestlandet toppar dyster statistikk

I 2018 omkom 102 personar av drukning i Noreg. Det er ti prosent meir enn året før. Og Vestlandet toppar den dystre statistikken.

Båttur

SJØEN: Ulukker knytt til fritidsbåtar stod for kring 17 av alle drukningsulukkene i Noreg i fjor.

Foto: Tryg Forsikring

Fem personar drukna i desember. Fylkesoversikta over kvar drukningsulukkene fann stad, viser at Vestlandet med Rogaland og Sogn og Fjordane toppar ulukkesstatistikken med ti ulukker kvar.

Hordaland kjem på tredjeplass med ni. Aust-Agder, Hedmark og Svalbard registrerte ikkje drukningsulukker i fjor.

– Vi treng eit nasjonalt krafttak for å få ned drukningstala, seier samfunnsansvarleg Monica Rimestad i Tryg Forsikring.

Monica Rimestad

KRAFTTAK: Monica Rimestad i Tryg etterlyser eit nasjonalt krafttak for å få ned drukningstala. Sjølv vil dei plassere ut 20 prosent fleire nye livbøyer enn i eit normalår i 2019.

Foto: Tryg Forsikring

Fall frå land eller bryggje utgjer nær halva av alle ulukkene. Likevel opplyser forsikringsselskapet i ei pressemelding auken i fjor skuldast at fleire omkjem under bading.

– Mange av badeulukkene kunne vore unngått med betre svømmeeigenskapar, kunnskap om livredning og sjølvberging, og meir tryggleiksutstyr på badeplassane, seier Rimestad.

Vaksne menn

Ulukkesstatistikken frå Redningsselskapet for 2018 viser at godt vaksne menn er overrepresenterte i drukningsulukkene. Totalt drukna 81 menn og 21 kvinner i fjor.

Ni av dei som drukna i samband med bading var i 70- eller 80-åra. Tre var born i alderen ni til 14 år. Tryg har tidlegare oppmoda til ein nasjonal dugnad mot drukningsulukker.

Rimestad meiner ein nullvisjon mot drukningar må kome fort.

– Fjorårets auke i drukningstala er tragisk, og dette må styresmaktene og samfunnet elles ta på alvor. Vi har ein nullvisjon mot trafikkulukker, og resultatet er at tal drepne på vegane no er rekordlåge, seier ho.