Vestlandet bør i følgje KS bli ein region og skal omfatte Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Sunnmøre og kanskje Romsdal.
Det er professor Tor Selstad ved Høgskolen på Lillehammer som på bestilling frå KS har laga ei spesialistutreiing som foreslår ei ny regioninndeling for Norge.
Ynskjer sterkare regionar
Grunnen til at KS ønskjer denne inndelinga, er at dei ønskjer sterkare regionar enn det dei noverande fylkeskommunane er. KS ønskjer regionar som i større grad er i stand til å utnytte dei fortrinna som eksisterer i dei enkelte landsdelane.
Til høyring
Forslaget skal ut på høyring i dei enkelte kommunane slik at alle får høve til å uttale seg i saka. Våren 2005 skal KS ha eit ekstraordinert landsstyremøte der alle synspunkta blir teke til vurdering.
Regjeringa skal i 2007 gå gjennom fylkesinndelinga og ta stilling til om Norgeskartet skal teiknast på nytt. I oktober kjem Distriktskommisjonen si innstilling. Her har leiaren, Johan Petter Barlindhaug, alt sagt at Norge bør bestå av mellom fem og ti regionar.