Hopp til innhold

Vestlandet får kjenne på styrken til restane av «Oskar»

Kombinasjonen av lågtrykk og restane av ein tropisk orkan gjer at Vestlandet får ei vindfull helg. På Sotrabrua måtte politiet dirigere trafikken på grunn av kraftig vind.

Restane av tropisk storm på veg mot Noreg

MYKJE VIND: Det kan bli vind opp i storm styrke langs kysten.

Foto: @meteorologene

Restane etter «Oscar» har tatt turen frå Det karibiske hav og over til den vestlege delen av norskekysten.

– Det blir mykje vind og ein vil merke det godt, men det er heller ikkje spesielt unormalt, seier statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl.

Det kan blåse opp til vind i storm styrke langs vestlandskysten til Stad og i dei nordlege fjelltraktene i Sør-Noreg, men det er Hordaland og Sogn og Fjordane som vil merke mest til vinden.

På rv. 555 over Sotrabrua måtte politiet dirigere trafikken over brua på grunn av kraftig vind. Vindstyrken har gått ned, men bilistar blir oppmoda om å vere merksame av Statens vegvesen.

Orkanen frå varmare strøk har mista mesteparten av energien på vegen mot Vestlandet. Vinden skuldast eit vanleg lågtrykk som får ekstra fart på seg på grunn av varm luft frå restane etter «Oscar».

– Det vil blåse gjennom natta og fram til søndag føremiddag, seier Løvdahl.

Meteorolog Rafael Escobar Løvdahl sjekker været.

LÅGTRYKK: Vinden skuldast eit vanleg lågtrykk som får ekstra fart på seg på grunn av varm luft frå restane etter «Oscar», seier statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl.

Foto: Magne Hansen / NRK

Farevarsel om underkjølt regn

Alle som skal mellom aust og vest vil merke vinden i helga, og bilistane bør vere merksame på at det også kan vere glatt over fjellet. Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel om vanskelege køyreforhold for fjellområda i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Oppland, Hedmark og Trøndelag.

– Det var tynn is på fleire fjellovergangar i dag tidleg, og det er framleis litt is fleire stadar, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, Roger Nedberge Hille.

På fjellovergangane er det no stort sett bart, men enkelte stadar kan det likevel vere tynn is på vegen.

– Tilpass farten etter forholda. Det kan fort slå om, åtvarar Nedberge Hille.

Laster Twitter-innhold