Hopp til innhold

Vestlandet blei reiselivsvinnaren i Norge denne sommaren

SKJOLDEN (NRK): Nok ein gong blir det sett nye turistrekordar i sommarmånadane. Veksten er størst på Vestlandet, og Sogn og Fjordane tronar øvst. Folk vil ha opplevingar utanfor dei store turistattraksjonane, er forklaringa frå NHO Reiseliv.

Rekordsommar for reiselivet

FULLE HUS OG HYTTER: Overnattingsstadene på Vestlandet har hatt ein veldig bra sommar. Sjølv midt i september er det fullt hus.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I resepsjonen på Skjolden Hotel inst i Lustrafjorden i Sogn og Fjordane er det stille midt på dagen. Men det manglar slett ikkje på gjester, dei brukar dagen ute for å oppleva det ein trong vestlandsfjord har å by på av natur og bygdeliv.

– Me merkar det har vore travlare i år, spesielt på drop-in-gjester, seier eigar og hotellsjef Siri Dalehaug.

Urørt natur er trendy

Siri Dalehaug framfor Skjolden Hotell

SESONGINNSPURT: Det er framleis eit par veker til Siri Dalehaug stengjer Skjolden Hotel for vinteren. Dei har merka godt besøksauken i år.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Sogn og Fjordane har eit produkt som treff reisetrendane veldig bra, nemleg det at folk vil ha unike opplevingar, seier direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) syner at det i juni og juli var 10 199 387 overnattingar i Norge, som er same nivå som i fjor. I dei fire vestlandsfylka har det vore ein auke på fire prosent samanlikna med 2016 (2 644 591 overnattingar i juni og juli i år), og i Sogn og Fjordane er auken åtte prosent (608 884 overnattingar i juni og juli i år).

Kristin Krohn Devold

SER TRENDANE: Kristin Krohn Devold, direktør i NHO Reiseliv.

Foto: Morten Brun

– Dei reiser i mindre grupper og det gjer at mange fleire bevegar seg ut i distrikta, for det er her ein verkeleg kan få dei personlege opplevingane, utan at det er tett i folk på alle kantar, held Krohn Devold fram.

– Her kan dei gå på fjelltur ein heil dag utan å møta ein einaste person. Då kjem dei ned att nesten med tårer i auga, for det er noko heilt anna enn dei vanlegvis får oppleva, seier Dalehaug.

Siri Dalehaug i resepsjonen til Skjolden Hotel

FOLK VIL FRAMLEIS HA ROM: Det tikkar inn telefonar om folk som vil ha rom, sjølv om sesongen er på hell.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Kronekursen ikkje heile svaret

NRK har snakka med fleire hotell rundt om i Sogn og Fjordane, og alle melder om auke og stort sett fulle hus. At turistane vil ha vill, vakker og rein natur er noko alle merkar.

– Det er mykje urørt og vakker natur som er annleis her enn der turistane kjem frå. I tillegg skal me ikkje leggja skjul på at den låge kronekursen har gjort Norge til eit billigare land å feriera i, seier Odd Erik Gullaksen, hotellsjef på Sunnfjord Hotell i Førde.

At kronekursen sank då oljeprisane stupte for fire år sidan har gjort det billigare å feriera i Norge. Men Krohn Devold vil ikkje vera med på at det er den avgjerande faktoren etter nok eit rekordår.

– Det er ikkje nok til åleine å forklara veksten. Norge er framleis eit relativt dyrt land. Me ligg langt framme på bruk av sosiale medium, og eg trur at det blir spreidd mange bilete av Norge er ein vel så viktig forklaring, seier ho.

Lustrafjorden sett frå Skjolden hotell

VIL HA DETTE: Utsikt og urørt natur er det turistane gjerne vil ha. Her er salongen på Skjolden Hotel.

Foto: Sondre Dalaker / NRK