Hopp til innhold

Vindkraftutbyggjarane ber NVE skru opp tempoet

For tre år sidan søkte Vestavind NVE om konsesjon på vindkraftutbygging i fylket. Dei ventar framleis på svar.

Vindturbiner

ILLUSTRASJON: Turbinane må vere i gang innan 2020 for at utbyggjarane skal vere sikra statleg støtte til vindkraftutbyggingar. No blir NVE oppmoda om å ta stilling til konsesjonssøknadane i fylket.

Foto: Kjell Herskedal, Herskedal, Kjell, Kjell Herskedal / Scanpix

Saman med fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) og Vindkraftforum Sogn og Fjordane, meiner verksemda at NVE brukar for lang tid på konsesjonssøknadar for vindkraftutbygging.

Vestavind kraft søkte sommaren 2011 om konsesjonar for to prosjekt i Bremanger og eitt i Solund.

– Dersom dette tek lengre tid før vi får avklaring, så kan det vere kritisk reint tidsmessig, seier økonomisjef Monica Mundal.

Må i gang til 2020

Dei meiner NVE kan bremse og i verste fall stogge vindkraftutbygging i Sogn og Fjordane, og har bede om eit møte for å blåse liv i sakshandsaminga. For det hastar med å få svar på søknadane.

Etter 2020 er det nemleg usikkert om ein får statleg støtte til utbygginga. Difor må vindturbinane vere i drift innan då.

– Tidsvindauget er byrja å lukke seg, så det er viktig å komme i gang med detaljplanlegging og bygging, seier Mundal.

Fryktar følgjene

Åshild Kjelsnes

FYLKESORDFØRAR: Åshild Kjelsnes (Ap).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I Leikanger deler fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) frykta for kva som kan skje om ein ikkje kjem vidare med søknadene.

Eit raskt søk på NVE sine nettsider viser at det i Sogn og Fjordane er åtte vindkraftprosjekt med ein samla produksjon på 1.866 GWh som har status «under behandling». Like mange har fått konsesjon.

– Sogn og Fjordane er det fylket som har størst ressursar innan fornybar energi, og då er det utruleg viktig at vi får utteljing av det i form av lokal verdiskaping, seier ho.

Leiar for konsesjonsavdelinga i NVE, Rune Flatby, seier at årsaka til den seine saksgangen har med nettkapasiteten i Sogn og Fjordane å gjere.

Lova svar i 2013

Rune Flatby. Fung.avd.dir NVE

LEIAR: Rune Flatby er leiar for konsesjonsavdelinga i NVE.

Foto: NVE

Men no som den nye kraftlina mellom Fardal i Sogn og Ørskog på Sunnmøre snart er klar, lovar Flatby snarleg svar på konsesjonssøknadane.

– Det er vel det som står att no i Sogn og Fjordane, prosjekt kring Bremanger og Svelgen. Dei har vi planar om å avslutte i år, seier han.

På tide, meiner fylkesordføraren.

– Næringa i fylket vårt er uroleg, fordi ein har fått signal tidlegare som tydde på at ein skulle vere ferdige med konsesjonshandsaminga i 2013, avsluttar Kjelsnes.